Frå avdukinga av minnesteinen på garden ytre Ålen i Askvoll. Steinen er sveipt med det norske flagget, marinesoldatar står æresvakt og fleire hundre menneske er samla. Steinen står på ein stad med fritt utsyn mot fjorden.
Datering
1950.
Fotograf
Svein Olsen, Bergen.
Eigar
Jorid Leknes

Minnestein på garden ytre Ålen over falne i krigen 1940-1945

Eit kort stykke frå sjøen på garden ytre Ålen i Askvoll står ein minnestein over tre ungdommar som miste livet i krigen 1940-1945. Dei var alle medlemmer i Vevring Fiskarlag, og det var fiskarlaget som straks etter krigen gjekk i brodden for å reisa dei eit minne. Minnesteinen vart avduka i 1950.

Minnesteinen

På framsida av steinen står: DESSE OFRA LIVET * I MARINEN * FOR FRIGJERINGA * AV LANDET * OVE AALEN * F. 20-7.21 * OMKOM 11-12-42 * SIGURD RØRVIK * 26-8.19 * OMKOM 26-10.44 * - IVAR UNDERLID * F. 30-6.17 * OMKOM VED LUFTÅTAK * 8-11.44
På baksida står: "Steinen er reist 1948 av folket i Vevring. Til minne om dei falne."
(Merknad: Steinen vart avduka i 1950.)

Image
Minnesteinen står på garden ytre Ålen like ved vegen til den tidlegare båtstoppestaden Kvammen. Jorid Leknes hugsar då dei kom med steinen og køyrde han opp med hest og slede. Ho hugsar og at dei meisla inn innskrifta.
Minnesteinen står på garden ytre Ålen like ved vegen til den tidlegare båtstoppestaden Kvammen. Jorid Leknes hugsar då dei kom med steinen og køyrde han opp med hest og slede. Ho hugsar og at dei meisla inn innskrifta.
Datering
1996.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dei omkomne i verket Våre Falne

AALEN, OVE, motorbåtførar og fiskar, Vevring. Fødd 20. juli 1921 i Vevring, son til Olav Aalen, fødd 1883, og Kathrina, fødd Thingnes, fødd 1889, båe i Vevring. Ungdomsskule, arbeidsskule, kurs i radiotelegarfi. Var under krigen maskinist, seinare radiotelegrafist på m/k "Aksel", og gjorde 17 turar over Nordsjøen i transport- og forsyningsteneste mellom Noreg og England. Sette livet til 10. desember 1942 då båten sokk i Nordsjøen.

RØRVIK, SIGURD, maskinmann, Vevring. Født 26. mars 1919 i Førde, sønn av Henrik Rørvik, født 1888, og Birgitte, født Mulen, født 1897. Arbeidet hjemme på gården og drev fiske. Flyktet til England i september 1941 og kom inn i Den norske marine. Var utskreven maskinmann på korvetten Rose, og omkom 26. oktober 1944 da fartøyet ble rent i senk av et annet skip i Atlanterhavet. Omtalt i Firda Bygdeblad 28. august 1945.

UNDERLID, IVAR, bygningssnekker, Vevring. Født 30. juni 1917 i Vevring, son av Andreas Underlid, fødd 1872 same stad, og Inger, fødd Førland, fødd 1883, same stad. Snekkerfagskole. Drev bygnings- og snekkerarbeid og fiske. Var passasjer på d/s "Framnæs", og omkom 8. november 1944 under et flyangrep på fartøyet.

Image
Onsdag 8. november 1944 gjekk ei avdeling på rundt 30 britiske fly til åtak på ein tysk konvoi utanfor Svelgen i Bremanger. "Framnæs" hadde nett gått frå Kjelkenes like ved då flya kom, og vart også angripen med kraftig mitraljøseeld. Seks menneske omkom, fem passasjerar og ein av mannskapet.
Onsdag 8. november 1944 gjekk ei avdeling på rundt 30 britiske fly til åtak på ein tysk konvoi utanfor Svelgen i Bremanger. "Framnæs" hadde nett gått frå Kjelkenes like ved då flya kom, og vart også angripen med kraftig mitraljøseeld. Seks menneske omkom, fem passasjerar og ein av mannskapet.

Fiskarlaget i brodden for å reisa minnestein

Det var Vevring Fiskarlag som tok opp saka om å reisa ein minnestein over tre frå Vevring kommune som omkom i krigshandlingar i åra 1940-1945. Dei var alle medlemmer i fiskarlaget. Laget gjekk og i brodden for arbeidet og sette hausten 1945 ned ei minnestein-nemnd. Nemnda vende seg til alle ungdomslaga, kunngjorde tiltaket i lokalavisene og fekk i stand pengeinnsamling. Året etter var det kome inn nok pengar til å skaffa stein.
Våren 1948 var det også avgjort at steinen skulle reisast på garden ytre Ålen, nær heimstaden til ein av dei omkomne, og på ein stad med ope utsyn mot fjorden. To år etter var steinen komen på plass og klar til avduking.

Image
Vevring Fiskarlag reiste minnesteinen på ytre Ålen. Møteboka inneheld opplysningar om minnesteinsaka i åra 1945-1950.
Vevring Fiskarlag reiste minnesteinen på ytre Ålen. Møteboka inneheld opplysningar om minnesteinsaka i åra 1945-1950.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avdukinga

Avdukinga vart halden søndag 25. juni 1950 med fleire hundre menneske tilstades. Det var major Olav Kvammen som heldt avdukingstalen og stod føre den høgtidlege avdukinga. Elles var det song, og nedlegging av krans frå Forsvaret. Formannen i fiskarlaget, Ivar Hestvik, takka alle som hadde vore med og reist steinen og overleverte den deretter til Vevring kommune. Ordførar Hundvebakke tok imot, takka og uttala at kommunestyret ser det som ei heilag plikt å verna om minna om dei falne. Olav Aalen, far til Ove Aalen, tala til slutt, og bar fram ei varm takk til bygdefolket.
Om kvelden gav fiskarlaget kveldsmat til pårørande og serskilt innbedne i skulehuset i Kvammen.


Avisa Firda. 04.07.1950.
Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Selja Forlag. Førde 2000.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-99093 Vevring Fiskarlag. Møtebok 1937-1984.

Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen