Dalsfjorden

Datering
2008
Fotograf
Jarkko Laine
Lisens
CC BY-SA

Ferjene på Dalsfjorden

Lenge før dei heftige debattane om Dalsfjordbrua kom, var det strid om vegsambandet over og rundt Dalsfjorden. Men vegane let venta på seg. Nokre ville ha veg på nordsida av fjorden og andre på sørsida. Då ferjesamband over Dalsfjorden vart føreslege, var det heller ikkje semje. Men ferjesamband vart det. Den første ferja vart sett inn i 1937, men først etter andre verdskrigen, vart det fast samband.

Krav om veg rundt Dalsfjorden

I 1930-åra var det stor diskusjon om vegsambanda i Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Krav om samanhjengande veg på nordsida av Dalsfjorden vart reist av samferdselsnemnda og kommunestyret i Askvoll i 1932. I 1933 slutta Gaular seg til dette kravet. Fjaler derimot ville ha ferje frå Eikenes til Dale og veg på sørsida mellom Dale og Osen. Saka vart utsett for nærare gransking i påvente av vederlagsplanen (økonomisk kompensasjon for jernbane det ikkje vart noko av), men ingen av vegane kom med. Dale-Osen kom opp på det ordinære budsjettet først i 1938-39.

Indre del av Dalsfjorden sett mot aust. Standnes ligg på nordsida av fjorden (fremst til venstre). Ferjene gjekk lenge mellom Dale, Eikenes og Standnes. I 1991 gjekk Standnes ut som ferjestopp.
Indre del av Dalsfjorden sett mot aust. Standnes ligg på nordsida av fjorden (fremst til venstre). Ferjene gjekk lenge mellom Dale, Eikenes og Standnes. I 1991 gjekk Standnes ut som ferjestopp.
Datering
2005.
Fotograf
Arve Ese.
Eigar
Arve Ese.

Motstand mot ferjesamband

Samstundes kravde vegplannemnda i Askvoll og Norges Automobilforbund (NAF) samband over Dalsfjorden med bilferje som kunne knyta Askvoll til Dale med ferje mellom Eikenes og Dale. Men det var og motstandarar av ferjesambandet. Dei var redde for at eit ferjesamband ville seinka arbeidet for å få veg mellom Dale og Osen. Det var mange som trudde eit ferjesamband ville bli eit underskotsføretak. Ferjedrifta vart likevel sett i gang i 1937, men ferja gjekk berre i sommarhalvåret.

Bilrute mellom Askvoll og Eikenes kom i gang sommaren 1937. Fylkesbaatane tok over bilrutene i Lavik, Hyllestad og Fjaler kommune. Desse og bilruta Askvoll-Eikenes vart slege saman til eit nytt billag: Dalsfjord og Ytre Sogn Billag L/L, skipa 10. mai 1938. Rutene byrja å gå midt i juni månad. I 1946 tok Firda Billag over rutetrafikken i Dalsfjorden og ytre Sogn. Her ser vi ein av Firda Billag sine bussar på kaia i Dale.
Bilrute mellom Askvoll og Eikenes kom i gang sommaren 1937. Fylkesbaatane tok over bilrutene i Lavik, Hyllestad og Fjaler kommune. Desse og bilruta Askvoll-Eikenes vart slege saman til eit nytt billag: Dalsfjord og Ytre Sogn Billag L/L, skipa 10. mai 1938. Rutene byrja å gå midt i juni månad. I 1946 tok Firda Billag over rutetrafikken i Dalsfjorden og ytre Sogn. Her ser vi ein av Firda Billag sine bussar på kaia i Dale.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Firda Sjåførforening.

Konkurranse

Trafikken var liten den første tida. Få hadde skaffa seg bilar og tilknytningsvegane var korte. På nordsida av Dalsfjorden var det veg frå Askvoll til Eikenes med ein sideveg mellom Holmedal og Straumen. Vegen på sørsida av fjorden mellom Dale og Leirvik vart utbetra som bilveg i 1930-åra. Ferja gjekk i trekantsamband mellom Eikenes, Dale og Bygstad. "Fagervik" heitte den første båten, som var ein kuttar. Den vart driven privat i regi av Jonas Jensson Haugland. Fylkesbaatane sette inn ei konkurrerande rute på strekninga Dale-Eikenes.

"Varden" II i ni år

Under krigen var det stogg i dei fleste ferjesambanda. Først i 1949 vart ferjedrifta på Dalsfjorden teken opp att, denne gongen i regi av Fylkesbaatane. Den første månaden vart det frakta 1000 personar, 30 bilar, 25 motorsyklar og 120 syklar. Framleis var det berre drift i sommarmånadene, og Fylkesbaatane nytta leigebåtar som "Dagning", "Kvikk" 4, "Førdefjord", "Vesle Øyvind" og "Thorsnes". I 1952 tok brørne Ola og Mads Halsnes over, med kuttaren "Varden" II. Masta vart teken bort, og det var plass til fire bilar. "Varden" II gjekk i fast rute i ni år og med drift heile året.

Nye ferjer

Etter 1958, då vegen Dale-Osen var ferdig, gjekk ferja berre mellom Eikenes og Dale. Framleis vart Standnes i indre Dalsfjorden oppretthalden som ferjestopp, men med færre avgangar. I 1961 vart ferja M/F "Vangsnes" sett inn i Dalsfjordsambandet. I 1962 tok M/F "Sogn" over. Begge desse ferjene kunne frakta 15-16 personbilar. "Sogn" gjekk 14 år på Dalsfjorden.

Vegen mellom Dale og Osen vart ikkje offisielt opna før i 1958, men kunne trafikkerast noko tidlegare. Her ser vi fire bussar og passasjerar på veg til ei bygdeungdomslagsstemna i Førde i 1964.
Vegen mellom Dale og Osen vart ikkje offisielt opna før i 1958, men kunne trafikkerast noko tidlegare. Her ser vi fire bussar og passasjerar på veg til ei bygdeungdomslagsstemna i Førde i 1964.
Datering
1964.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Statens vegvesen Region Vest.

Farlege ferjekaiar

Dei gamle ferjekaiene heldt ikkje mål etter kvart som trafikken auka. Det vart hevda at kaien på Eikenes var så liten at det var rart det ikkje skjedde ulukker. Avisa Firda skreiv i 1960: "Når så ferja kom med nokre bilar, og nokre passasjerar som skulle i land, så er kaos i snauaste laget. Då var det for bilane å rygge, snu og gjenke seg like ut på centimeteren på kaien, medan folket smatt mellom bilane som ingen var klår over kva veg dei skulle. At det ikkje har hendt ulukker på kaien, er eit stort under." I 1962 kom det nye ferjekaier på Eikenes og i Dale.

Trafikkmengd

Frå 1960 til 1970 auka biltrafikken på ferjestrekninga Dale-Eikenes frå 1700 bilar til 14904 bilar årleg. Ferjetrafikken auka etter kvart som fleire kjøpte seg bilar. Bilsalet i Noreg vart frigjeve frå 1960. I 1980 frakta ferja 17530 bilar, i 1990 21964. I 2005 hadde sambandet ein nedgong i trafikken til 18000 bilar og 42000 reisane årleg.

  • Avisa Firda. 1937-1950.
  • Nagell, Otto: Det norske vegvesens historie med oversikt over Statens vegvesens virksomhet i tidsrommet 1820-1940. Bd III, Oslo 1950.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Torvanger, Magnus Helge: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Selja Forlag 2000.
  • Losnegård, Gaute: Ferjene på fjorden. I Sogeskrift for Askvoll, s. 36-41, nr. 14 2001.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Sjå også

Andre stader i kommunen