Vårdal Teglverk låg på Vårtdalsneset ved Dalsfjorden. Det vart bygd i 1898, og produserte takpanner og murstein. Leirhola der råleira vart teken ut, ligg bak verksbygningen.
Datering
1950-1955.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.

Vårdal teglverk

Frå 1890-åra til kring 1920 var gamle Fjaler kommune best forsynt med industriell aktivitet i Sogn og Fjordane. To teglverk vart dei største tiltaka før 1900. Helle Teglverk vart starta opp i 1895, og Vårdal Teglverk i 1897. I 1905 var 52 personar sysselsette på dei to verka. Tidleg på 1960-talet vart Vårdal Teglverk kjøpt opp av Helle Teglverk, som var i drift til 1978.

Etablering

Vårdal Teglverk vart etablert i 1897, med ordføraren i Fjaler, David Bakke, som ein ivrig forkjempar. Frå 1902 vart verket drive av Jørgen Helgerud frå Øvre Eiker. Han hadde tidlegare vore styrar for Sandefjord Teglverk, og endå til gått på teglmeisterskule.

Marknad

Noko av årsaka til at dette verket klarte seg betre økonomisk enn det på Helle i førstninga, kan vere at dei tidleg opna eige salskontor i Bergen. Der var hovudmarknaden, og det var viktig å halde god kontakt med murmeistrane i byen. Det var desse som avgjorde kvar teglsteinen skulle kjøpast.

Problem med kvaliteten

I Vårdal var det som på Helle heller ikkje leire av fullverdig kvalitet, men den var god nok til å produsere hardbrent teglstein (murstein). Diverre valde ein her ei uheldig løysing då omnen skulle byggast, med alt for stort tverrsnitt innvendig. I følgje historikar Hans Zakariassen gav dette eit katastrofalt resultat med svære mengder lysbrent stein, som det var lite bruk for i kyststroka.

Image
Teglverksarbeidar i ferd med å ta ut ferdig brend murstein frå omnen. Trillebårene er tilpassa mursteinen, og kvar trillebåre tek 50 stein.
Teglverksarbeidar i ferd med å ta ut ferdig brend murstein frå omnen. Trillebårene er tilpassa mursteinen, og kvar trillebåre tek 50 stein.
Datering
1950-1955.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.

Drift

Det var helst i periodar med god avsetnad at teglproduksjonen vart driven heile året. I vintersesongen var byggeaktiviteten lågare. Med sterk kulde kunne det dessutan by på problem å grave fram leire utan teleklumpar. Drifta var difor jamnast i sommarhalvåret. Men i 1950-åra fekk begge teglverka for lite arbeidskraft. Begge verka vart difor rasjonaliserte, men resultatet i form av betre stein oppnådde dei ikkje.

Image
Kjedegravemaskin fyller vaggene med leire.
Kjedegravemaskin fyller vaggene med leire.
Datering
1950-1955.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.
Image
Råleira er komen inn i produksjonsanlegget. Her skal leira tømmast i ein eltar, bearbeidast og deretter transporterast på band inn i pressa. Leira vert så delt opp, og steinen tørka og brend.

Arbeidsplassar og fagorganisering

Teglverka ved Dalsfjorden gav tiltrengde arbeidsplassar i dei små bygdene, med om lag 35-40 ved kvart verk. Mange kombinerte arbeidet ved verka med å drive eit lite småbruk. I dårlege tider med fulle lager av teglstein, kunne det vere godt å ha fleire bein å stå på. Etter krigen vart verka moderniserte, og i 1950-åra var 65 til 70 mann sysselsette på dei to verka.

Image
Murstein på lager ved Vårdal Teglverk. I 1955 vart det kjøpt inn truck til løfting og transport. Det vart òg støypt vegbane. I alt var det sju lagerskur.
Murstein på lager ved Vårdal Teglverk. I 1955 vart det kjøpt inn truck til løfting og transport. Det vart òg støypt vegbane. I alt var det sju lagerskur.
Datering
1960-1965.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.

I 1920-åra gjekk salet av teglstein dårleg, og det vart ofte permitteringar. Fleire vart gåande arbeidsledige i periodar. Men i Dalsfjordområdet, der industriarbeidarane hadde sin bakgrunn frå småbruk, og ofte hadde småbruk sjølv, kom den organiserte arbeidarrørsla seint i gang, nemleg ikkje før i 1930. Då vart Vårdal Arbeidarforeining skipa.

Image
Arbeidarar fyrst på 1920-talet. Mange av arbeidarane hadde lang veg, og somme måtte over fjorden. Fleire hadde småbruk ved sida av teglverksarbeidet, så det vart lange dagar. Arbeidsdagen på verket starta klokka 06.00. Dei hadde 10 timars dag på denne tida.

1920-1925.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Kjell Eikemo.

Avvikling

I løpet av 1960-åra vart drifta ved Vårdal Teglverk trappa ned, og avslutta i 1971. Bygningen vart så utsett for brann og seinare riven.

Zakariassen, Hans: Teglindustriens historie. Side 191 f.
Sogn og Fjordane fylke, femårsberetning 1901-1905.
Losnegård, Rolf, o.fl.: Dalsfjordboka. 1999.
Sogeskrift for Askvoll kommune. nr. 3. 1990 og nr.10, 1997.

Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen