Olaf Huseby vart fødd i 1856 i Leikanger og utvandra til Amerika i 1903. Han arbeidde heile livet med bøker og blad, som skribent, utgjevar og forleggjar. Mot slutten av livet sitt sende Huseby nær 60 brev til avisa Sogn og Fjordane. Til 1938-nummeret av juleheftet Jol i Sogn skreiv Huseby denne julehelsinga frå heimstaden sin i Michigan.
"Ålvorstankar for jolehelgi"
Det er 34 år sidan eg hadde jolehelg i Noreg; det er 67 år sidan eg hadde jolehelg i Sogn. Eg veit difor ikkje noko um jul i Sogn no. men jolekvelden heime hjå bestefar og bestemor gløymer eg aldri. Det var ein kveld til minne um den største hending i verdi. Og når eg joledagen fylgde bestefar i sin beste stad til leikanger-kyrkja, so var det joldedag og jolegleda for barnehjarta.
Men no hev eg livt 34 år i Amerika, men utan jol. Joli, tykkjest meg, er kald i dette landet, trass i millionar av joletre, trass i tusen millionar av elektriske lamper, trass i millionar av små og store jolegåver. Joli hev vorte etar-helg, ei drykkje-helg, ei teater-helg, og varer berre 24 timar frå jolaftan midnatt til joledag midnatt. Det er arbeid, arbeid, arbeid utan stans: det er berre tanke og tale um dollars, dollars, dollars utan stans.
Joli skulde gjeva oss tankar å leva på. Meisteren la store tankar på heile livsvegen vår, og ikkje berre for jolehelgi, men mykje av det som vert skrive og preika for joli, er gamalt nytt og joletre-stas, som vert teke fram att jolekvelden for syns skuld.
Eg duger ikkje til å finna på ei høveleg jole-soga for ”Jol i Sogn”. Men utor dei store samlingane mine av ord frå store menn og kvinnor skal eg plukka ut litevetta, som, kann henda, er verd å tenkja på gjenom året, anten me samstavar med det eller ikkje. Og her kjem nokre av tankane: (Her er attgjevne 3 av 5.)
....
Horace Mann:
- som skapa Amerikas folkeskule, sa i den siste talen sin: ”Kjenn deg skamfull, dersom du fer utor verdi utan å hava gjort noko godt for landet ditt. Var eg rik, so vilde eg så boksamlingar ut over heile landet, nett som såmannen spreider såkornet.”
Andrew Carnegie:
- fattigguten frå Scotland, som vart usturteleg rik i Amerika, bygde 3600 folkebibliotek og tilslutt bruka 15 år for å gjeva viseleg burt 2500 millionar kroner, skreiv dette: ”Den tid er ikkje langt undan då ein rikmann, som ikkje fyre han døyr gjer noko godt med pengane sine, døyr tårelaus, sorglaus og ærelaus.” Med dette meinte han ikkje berre litevetta til ”heidninge”-misjonen eller ei kyrkja for å sleppa inn i himmelen.
Abraham Licolns tru:
”Eg hev aldri skrive meg inn i noko kyrkja, for eg fann det uråd å finna fram i dei lange og flokute trudomsartiklane, som kvar kyrkje-grein hev sett upp. Dersom noko kyrkja vil skriva på altartavla dei simple ordi av Jesus: ”Du skal elska Gud med heile ditt hjarta og andre menneske som deg sjølv” – den kyrkja vil eg vera med i av heile mitt hjarta og heile mi sjel.”