"De som ønske at antages i min Skole, bedes at melde sig for mig snares muligt, da jeg, om Gud vil, begynder Skolen, i Anledning af hvilken jeg har indgivet underdanigst Ansøgning til Hans Majestæt Kongen, ved Mikkelsdags Tid iaar." Utdrag av brevet frå Jonas Wessel Crøger til Leganger Præstegjelds Formandskab i 1843. 

Datering
1843
Lisens
CC0

Brevet frå Jonas Wessel Crøger

Sommaren 1843 kom det eit brev til Leikanger formannskap. Brevet var frå personellkapellan Jonas Wessel Crøger i Bergen, og handla om planane han hadde for ein jordbruksskule for ungdommar. Dette brevet kastar lys over nokre av samfunnsprosessane som gjekk føre seg på 1800-talet, og gjev i tillegg eit innblikk i skjebnen til ein mann i utakt med samtida.

Kven var Jonas Wessel Crøger?

Jonas Crøger var ein ukonvensjonell mann, som kom frå ein ukonvensjonell heim. Han vart fødd i Heddal (Buskerud) i 1807, der vaks han opp på prestegarden. Det var ein kultivert heim med eit innhaldsrikt bibliotek. Faren var svært aktiv i sitt virke som sokneprest, men var mest kjent for å vere ein stor original, til dømes handla ofte preikene hans om alt anna enn religion. Om fru Crøger skriv historikaren H. G. Heggtveit at ho var «særdeles begavet, dyktig og fint dannet […] med mange interesser og kundskaber». Crøger hadde fleire eldre søstrer, som for ein stor del vart utdanna heime. Han såg at søstrene hadde liten tilgang til utdanning og yrkesliv. Ei av søstrene hans arbeidde som lærar, men kunne ikkje ta lærarseminar. Seminara var ikkje tilgjengelege for kvinner.

Jonas valde òg å studere teologi. Hans første utnemning etter studiene, i 1833,  var som personalkappelan i Aurland. Der vart han òg den første ordføraren. Då han skreiv brevet til formannskapet i Leikanger var han personellkapellan i Bergen, det vil seie at han var assistent for soknepresten. Han prøvde å slå seg fram på ulike andre område, men han fekk ein del motgang. Jonas Crøger kan beskrivast som ein moderne mann, og landbruksskular var ein del av det moderne Noreg som vaks fram på denne tida.

portrett mann med prestekrage
Bilete av Jonas Wessel Crøger, fødd 1807 i Heddal i Buskerud. Publisert med tillatelse frå Tor Rafsol Løset (croger.no). 
Fotograf
Ukjend
Eigar
Privat

«Det store hamskiftet» og landbruksskulane

I 1842 gjorde Stortinget eit vedtak om økonomisk støtte til landbruksskular. Forslaget kom frå representant Røkkum, som sjølv hadde gått på Sem, den første landbruksskulen i landet. Opprettinga av landbruksskulane kan vi sjå som ein del av «det store hamskiftet».

På 1800-talet skjedde det ei endring frå sjølvbergingssamfunn til eit marknadsorientert jordbruk. Det var fokus på spesialisering, ny teknologi, og kunnskap – generelt alt som effektiviserte jordbruket. Frå midten av 1800-talet skaut denne prosessen fart, og landbruksskulane bidrog til dette «hamskiftet».

Talet på landbruksskular auka sterkt etter at staten innførde ordninga med økonomisk støtte, men dei fleste skulane varte ikkje lenge. Crøger skriv i brevet at han hadde søkt om støtte, men han var avhengig av elevbetaling, og eit visst antal elevar for at prosjektet kunne verte ein realitet.

Vi veit ikkje kor mange andre brev Jonas Crøger skreiv om skuleplanane sine. Vi veit ikkje om prisen, 60 speciedaler per elev, var for høg, eller om det var andre grunnar til mangel på interesse for skulen. Det som er sikkert er at planane Crøger presenterte ikkje likna nokon skule som allereie var i drift.

Læreplanen

Jonas Crøger ønska å starte ein jordbruksskule for jenter og gutar. Elevane måtte vere over 18 år, og skulen skulle vere toårig. Slik skulen vert skildra, liknar den på ein vidaregåande skule, og har eit omfattande curriculum. Dei fleste faga skulle vere felles for jenter og gutar, men gutane skulle få undervisning i «jorddyrkning», mens jentene «meddeles undervisning i husholdningsvæsenet». Begge desse faga inneheldt fleire underkategoriar. Både jenter og gutar skulle derimot ha undervisning i «haugedyrkning», og lære om korleis dei skulle behandle frukt og bær.

Følgande felles fag sto på læreplanen:

  • Religionen,
  • Modersmaalet (Norsk),
  • Historien,
  • Jordbeskrivelsen (geografi),
  • Naturhistorien,
  • Arithmetiken (matematikk),
  • Tegning, Musik og Sang,
  • Haugedyrkning (hagedyrking)

 

Så kjem dei skilde faga: Jorddyrkningen, i tillegg til rettslære for gutane, medan jentene «meddeles i husholdningsvæsenet», eit område med alt frå matstell til veving.

Som vi ser har han for ein stor del lagt opp til felles undervisning for begge kjønn. Denne (tilnærma) likestillinga var noko nytt innanfor skuleverket.

Korleis var mogelegheitene for jenter i 1843?

Den økonomiske bakgrunnen eit born kom frå, påverka mogelegheitene til utdanning, men fattige gutar som var skuleflinke, kunne mellom anna likevel få gå på lærarseminar. Jenter slapp ikkje inn på seminara før i 1890.

Berre ei utdanning var ope for jenter/kvinner i 1843, det var jordmorutdanninga. Kvinner kunne arbeide som lærarar, dei måtte då gjennom eit kvalifiseringskurs først – men dette var inga utdanning.

Som born, fram til konfirmasjonen, var det felles skule for jenter og guter på landsbygda. Etter dette var det eit fåtal jenter frå betrestilte familiar som gjekk på såkalla «pikeskoler». Dette var ein skule for «danning», ikkje for utdanning.

Det skjedde ei rekke endringar i skulevesenet i Noreg på siste halvdel av 1800-talet. Endringane gav jentene gradvis betre tilbod, men dei måtte vente til 1882 før dei fekk anledning til å ta eksamen artium. Her kan vi nemne at dei første jentene som kom inn på denne utdanninga først måtte ta ein ekstra eksamen i matematikk, for dei hadde ikkje hatt same pensum som gutane. Gjennom heile denne perioden var det kjønnsdelt undervisning, sett bort frå skulane for dei minste. I byar og på tettstadar var og denne undervisninga kjønnsdelt. Først meir enn førti år etter brevet frå Crøger kom den første «høgare» skulen for begge kjønn, Fru Nielsens Latin- og Realskole i Oslo. 

Jonas Crøger var, med sine planar, mange tiår før si tid i høve til undervisninga jenter hadde tilgang til i Noreg. Brevet til Crøger viser ein flik av tankane hans. Det er ein stor kontrast mellom planane han hadde for denne landbruksskulen og haldningane som fantes blant majoriteten i samfunnet når det gjaldt utdanning. Slik stoda var kunne det ikkje bli noko av skulen.

Gruppebilde, svart-kvitt, jenter og nokre få menn i dress.
Sogndal folkehøgskule vart etablert i 1871. Frå 1875 heldt skulen til i ny skulestove på Helgheim ved Loftesnessundet. Skulen starta med særskilde jentekurs på 3 månader i 1879 - 35 år etter at Crøger sendte sitt brev til Leikanger formannskap. Frå skuleåret 1890-91 vart også vinterkurset opna for jenter. Les meir om dette i Kjell Bndebik si bok, ''Sogndal folkehøgskule i 100 år'' frå 1971. 
Datering
1887
Fotograf
Reppen
Eigar
Vestland fylkeskommune

Kva skjedde med Jonas W. Crøger?

Jonas Crøger blei seinare satt for prosterett, dette var ein særdomstol, satt saman av tre prestar og ein underdomar, som dømte i saker som gjaldt misferd i tenesta. Familien meiner det var på grunn av hans, vi kan gjerne kalle det moderne, syn på korleis kristendommen kunne praktiserast. I følgje dottera, Helle, hadde han «ingen respekt for gammeldagse kirkelige vedtekter». Eit døme på dette er at han meinte vigsel i kyrkja ikkje var ein nødvendig føresetnad for ekteskap. Han kunne aldri verte sokneprest nokon stad, eller få «et godt lønnet prestekald», meiningane hans avveik for mykje i forhold til normene på midten av 1800-talet.

Då Jonas Crøger giftar seg, i 1858 i Haus prestegjeld (ved Bergen), er han «ledig per. Capellan paa vartpænge», og i folketeljinga 1865 (Bergen) er han også på «Vartpenge», det vil seie «ventepengar». Han arbeidde ikkje som prest, men fekk utbetalt ein mindre sum frå kyrkja. Ut over dette veit vi at han mellom anna omsette boka «Den jødiske krig» frå gresk til norsk.  Dottera Helle meinte han var skuffa over det han oppnådde i livet. Jonas Crøger sine meiningar avveik frå det som var gjengs på midten av 1800-talet, og desse meiningane kjem tydeleg fram i brevet til formannskapet. 

Det er interessant å få eit innblikk i tankane til ein som var før si tid på fleire måtar. Dette brevet om eit prosjekt som ikkje vart noko av, gjev oss eit bilete av samtida, og av det som skulle kome.

Leganger Præstegjelds Formandskab!

 

Saafremt et tilstrækkeligt Antal Dissiple bliver

at erholde, agter jeg at oprette en Skole i Nærheden af Ber-

gen, hvori unge Mennesker, som vælge Jordbruget

til deres Næringsvei, kunne vorde dannede for denne

deres Bestemmelse og for den Plads i Samfundet

som de jorddyrkende Borgere under vor Statsfor-

fatning indtage. Undervisningen i denne Skole,

bestemt saavel for Piger som Drenge, vil komme

til at omfatte følgende Gjenstande.

 

For begge Kjøn:

Religionen. Denne foredrages ved Læsning i den hellige

                   Skrift, hvoraf det Nye Testamente gjennom-

                   gaaes exegetisk.

Modersmaalet. Herunder indbefattet Øvelse i at fore-

                   læse, Stiløvelse, Veiledning til kjend-

                   skab med Fædrelandets moralske,

                   historiske og æsthetiske Literatur.

 

Historien. Denne foredrages med største Udførlighed hvad

                Fædrelandet angaaede.

Jordbeskrivelsen. Denne Disiplin meddeles ligeledes

                udførligst hvad Fædrelandet angaaer.

Naturhistorien. Heraf gives en Oversigt af Fædrene-

                 landets vigtigste Dyrearter, Plante- Jord-

                 og Steenarter. 

Arithmetiken. Heraf foredrages Reguladetri, Rente-

                 Rabat- og Discontoregning, Delings- og Han-

                 delsregning.

Tegning, Musik og Sang.

Haugedyrkning. Hermed gives tillige Anviining[sic] til

                 Frugtvares Behandlinge.

Særskilt Underviisning for Drengene meddeles i Jorddyrk-

                 ningen, i den Del af Lovgivningen, som især vedkom-

                 mer Landbedriften, i Grundloven, Criminalloven,

                 og Statsoeconomi.

Særskilt Underviisning for Pigerne meddeles i hushold-

                 ningsvæsenet etter hvad som vedkommer Kjøkken, Kjelder,

                 Stavbur, Tørkehus saavelsom i Spinden Vævning

                 og Søm.

 

Den Betaling som hver av Dissiplene vil komme

til at avlægge, bliver 60 Spder, aarligen, saalenge De-

res Antal er det mindste, hvormed Skolen kan bestaa,

erholdes flere, vil den blive ringere. For denne

Betaling skulle de nyde Underviisning og Ophold

ved Skolen med de dertil hørende Fornødenheder og

Beqvemmeligheder. Skoletiden bliver to Aar. I Regelen

skulle Eleverne, før Optagelsen i Skolen have fyldt

det attende Aar, da man ikke kan antage, at de, i

Almindelighed, i en yngre Alder have tilstrækkelige

Kræfter til at udføre de forefaldende Arbeider.

De skulle arbeide for Skolen, dog vil det ikke blive

dem forment at anvende nogen Tid ogsaa til Arbeide

for dem selv. De ville blive holdte til nøiaktig

Lydighed for de for Skolen gjældende Bestemmelser, hvil-

ke indskjærpe Sedelighed, Orden, Flid, Arbeedsomhed 

og Tarvelighed.

I det jeg indbyder vor Ungdom av den hederlige

Bondestand til denne min Skole, anbefaler jeg

den ligeledes til Familieforsørgere av Embeds- og

Borgerstanden som en Anledning til at faa deres

Børn opdraged for den uafhængigste Stilling, vort

Land frembyder, en Anledning om hvilken jeg

 

tør haabe, at den vil blive søgt, efterdi Embedsmenn

saavelsom de fleste andre Næringsveier blant os

er overfyldt med Concurrenter, medens Jord-

bruget, der, hensigtsmæssigen drevet, afgive

baade et behageligt og sikkert Levebrød, forsømmes

i vort Land. De som ønske at antages i min

Skole, bedes at melde sig for mig snares muligt,

da jeg, om Gud vil, begynder Skolen, i Anled-

ning af hvilken jeg har indgivet underdanigst

Ansøgning til Hans Majestæt Kongen, ved Mik-

kelsdags Tid iaar.

Jeg giver mig den Ære at anbefale dette Anliggen-

de til det ærede Formandskabs Opmærksomhed

og videre Bekjendtgjørelse.

 

Bergen den 22 Juni 1843.  ærbødigst

                                           JW Crøger

                                          pers. Capellan

Første side av brevet frå Jonas Wessel Crøger til Leikanger formannskap. (Klikk for å sjå heile sida.)
Datering
1843
Lisens
CC0
Første side av brevet frå Jonas Wessel Crøger til Leikanger formannskap. (Klikk for å sjå heile sida.)
Datering
1843
Lisens
CC0
  • Elstad, Hallgeir. 2025. «Kapellan». Tilgjengeleg frå Store norske leksikon
  • Folketelling 1865 for 1281 Bergen Landdistrikt, Domkirkens landsogn og Korskirkens landsogn. 0028 Lungegaarden. Tilgjengeleg frå Digitalarkivet
  • Halvorsen, J. B. 1888. Norsk forfatter-lexikon. Kristiania: Den norske forlagsforening. Tilgjengeleg frå www.nb.no
  • Haus sokneprestembete, AV/SAB-A-7560/H/Haa: Ministerialbok nr. A 17, 1858-1870, filter: Viede (1958) s. 262. Tilgjengeleg frå Digitalarkivet
  • Heggtveit, H.G., med Berge, Rikard. 1918. Olea Crøger. Risør: Gunleikson. Tilgjengeleg frå www.nb.no
  • Hundstad, Dag. 2015. «Det store hamskiftet». Tilgjengeleg frå www.norgeshistorie.no
  • «Jonas Wessel Crøger (1807-1867)». Tilgjengeleg frå croger.no
  • Kåss, Ingrid Wreden. 2013. «Første kvinne på Stortinget». Tilgjengeleg frå www.kvinnehistorie.no
  • Lindstøl, Tallak. 1914. Stortinget og statsraadet 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. Tilgjengeleg frå www.nb.no
  • Lorens, Astrid og Silje Een de Amoriza. «Ragna Nielsen». Tilgjengeleg frå snl.no
  • Moksnes, Aslaug. «Cecilie Thoresen Krog». Tilgjengeleg frå snl.no
  • Ohnstad, Anders. 1990. Aurland bygdebok frå 1835-1985. Aurland sogelag. Tilgjengeleg frå nb.no
  • «Prosterett», søk på naob.no
  • Tveit, Knut. 1990. Allmugeskolen på Austlandsbygdene 1730-1830. Oslo: Universitetsforlaget. Tilgjengeleg frå www.nb.no
  • Törngren, Ylva. 2024. «Kvinnelige lærere måtte godta halv lønn». Tilgjengeleg frå Utdanningsnytt.no
  • «Vartepengar». 2024. Tilgjengeleg frå lokalhistoriewiki.no
  • «Aar 1842 den 7de September, holdes Storthing». Historiske stortingsforhandlinger. Tilgjengeleg frå www.stortinget.no
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen