Dampskipskaia på Husøy vart oppsett i 1951 av Elling Haveland frå Gulen. Han sette opp fleire nye kaier i Solund og reparerte eldre. Tidlegare hadde dei borda rutebåten nord for Husøy. I den gamle, vakre saltebua har vore fiskemottak i ei årrekkje. I våningshuset ved kaia budde Borghild og Harald Henriksen. I tillegg til d/s-ekspedisjonen dreiv dei også handel her. Husøy, som i si tid var borgarsete, har no fast busetnad berre i sommarhalvåret.
Datering
1985.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.

Dampskipskaia - økonomisk og sosial nyvinning

Med dampskipskaiene fekk grendene nytt andlet. Etter mange års farefullt slit i bordingsbåtane kom endeleg dei første kaiene i Solund på plass i 1920-åra. Men ikkje eingong Bergen hadde ekspedisjonskai då Fylkesbaatane byrja rutefart i 1858.

Store skip, ingen kaier

Berre 4 år etter at Fylkesbaatane starta med ruteferdsle i fylket, fekk Krakhella "stjernestopp" som den første stoppestaden i Solund. Det var i 1862. Buskøy vart stoppestad 1868 og Steinsundholmen, med ekspedisjonsplass på Steinsundvika, i 1975. Ingen av desse plassane hadde kai som Fylkesbaatane kunne gå inn til. Dei første dampskipa som trafikkerte her, var dessutan store og mykje tyngre å manøvrere enn dei langt meir hendige i Værøy- og Nesøy-klassen som kom sist i 30-åra. Sidan det gjekk fleire tiår før dei første kaiene vart bygde, gjekk det farefylte slitet føre seg i bordingsbåtane tilsvarande lenge, ofte med livet som innsats.

Påkjenning å borde dampen

Det vart å andøve seg bak ein holme eller eit nes og vente. Om bord kunne vere passasjerar, ymse tomembalasje, fiskekassar, sildetønner, tredunkar med smør, kanskje ein okse som i sjøgang iallfall ikkje viste hygienisk sømd. I regnvêr, og med venting inn i kveldsmørket, vart dette ei påkjenning som røynte helsa.
Når så rutebåten kom, var det å liggje på drift og verne båten best råd for slag mot skipssida, medan dampvinsjen kvein i rasande fart. Det galdt å halde seg unna hiva med 100-kilosekker. Bryske offiserar åtte verda, og oksen fekk like snart byturen utsett.

Svær kostnad å byggje kai

Fleire døme finst på at ekspedisjonsbåtar vart overlasta i dårleg vêr og heldt på å gå ned på veg til lands. I sønnakuling gjekk ikkje rutebåten til Steinsund. Ekspeditøren reiste derfor sør til Skjerjehamn med nokre krøter. Alle tre om bord, kom vekk. Dette var i 1898. Først i 1924 kom det kai i Steinsund. Det var første betongkaia i Solund. To år seinare vart det bygt betongkai på Lågøy.
Det var ein formidabel kostnad for ein ekspeditør å byggje dampskipskai. Rutebåtstoppa i Solund kasta lite av seg, og tilskota var oftast lik null. Ekspeditøren stod vanlegvis åleine om utgiftene.

Tangenes var  ein av dei fire stoppeplassane i Solund 1887. Kaia vart bygd kring 1950. Tvers over osen, i Inderøy, ville den driftige handelsmannen Knut Berentsen også ha rutestopp. Men Tangenes heldt stillinga og det enda med at rutebåtane også stoppa i Inderøy.<br />
Oppdelt og veglaust som det var i Solund, kom det mange krav om rutebåtstopp herfrå. Med tynn og spreidd busetnad vart stoppestadene her blant dei minst lønsame. Men ei tid var rutebåtane innom14-15 dampskipskaier i øykommunen.
Tangenes var ein av dei fire stoppeplassane i Solund 1887. Kaia vart bygd kring 1950. Tvers over osen, i Inderøy, ville den driftige handelsmannen Knut Berentsen også ha rutestopp. Men Tangenes heldt stillinga og det enda med at rutebåtane også stoppa i Inderøy. Oppdelt og veglaust som det var i Solund, kom det mange krav om rutebåtstopp herfrå. Med tynn og spreidd busetnad vart stoppestadene her blant dei minst lønsame. Men ei tid var rutebåtane innom14-15 dampskipskaier i øykommunen.
Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Eigar:Hans H. Steinsund.

Eit anna liv

Etter at Fylkesbaatane i 1910 hadde kosta den noko hendigare Gula, steig talet på stoppeplassar. I 1918 hadde 12 solundgrender kjempa seg til båtstopp. Fleire kom til, og frå 1924 og utover vart det bygt kaier på alle stoppestadene, dei fleste i betong.
Det var ei utruleg lette å få rutebåten til kai. Borte var slitet med bordingsbåten, ausinga, tettinga etter hard medfart. Fisketønner, jordbruksvarer og krambugods kunne lett transporterast til og frå mantelkroken. Sekkehjulet likte jamvel born å handtere. Ekspeditøren og reisekledde kunne sitje tørt på bua eller butikken og fortelje skoser like til fløyta let.

Fornya grendesamfunnet

Kaia gav grenda nytt andlet. Gardsfolket fekk ein samlingsstad på dampdagar. Frå benk og brødkasse innandørs kunne praten gå og nyheitene slå ned. På kaia kunne sild saltast, laksenøter turkast, sildenøter hengjast der hengje kom opp. Born kunne lære å sykle, ungdom kunne sverme og ta ein laurdagssvingom på sommarstida. Farty hadde ein plass å setje fast når folk hadde ærend på land.
I dag synest dampskipskaiene fleire nummer for store i høve til dei små skyssbåtane som går rutene. Men om funksjonane er omdefinerte, står kaiene og minner om eit materielt og sosialt hamskifte som i tillegg gav grenda status.

 

Så sant det ikkje var fullt dagslys, måtte lyktene på dampskipskaia vere kveikte og på plass i god tid før rutebåten nærma seg. Biletet viser lyktene som i alle år vart brukte på Steinsundkaia. Dei to 10-linjers parafinlampane vart tente inne på "hokkj'e", som det knøttsmå postrommet inne i bua vart kalla. Lampe- og dørglas i lyktene måtte reingjerast for sot kvar dampdag om det hadde vore sterk vind. Lykta med raudt dørglas stod synst på kaihjørnet. Så kunne skipperen sjå retninga på kaia og leggje...
Så sant det ikkje var fullt dagslys, måtte lyktene på dampskipskaia vere kveikte og på plass i god tid før rutebåten nærma seg. Biletet viser lyktene som i alle år vart brukte på Steinsundkaia. Dei to 10-linjers parafinlampane vart tente inne på "hokkj'e", som det knøttsmå postrommet inne i bua vart kalla. Lampe- og dørglas i lyktene måtte reingjerast for sot kvar dampdag om det hadde vore sterk vind. Lykta med raudt dørglas stod synst på kaihjørnet. Så kunne skipperen sjå retninga på kaia og leggje greitt til.
Datering
2001.
Fotograf
Hans H. Steinsund.
Eigar
Hans H. Steinsund.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen