Ei side frå kokeboka som kjem frå Martha Margrethe Hartwig, yngste dotter til Eidsvollmannen Ole Elias Holck. Sida inneheld oppskrifter på "fylte æbler alle salgs", "spansk brød" og "vin brød".
Datering
1700-1800-talet
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Smaken av herskapleg jul anno 1814

Ei eldgamal handskriven kokebok som kjem frå Martha Margrethe Hartwig, yngste dotter til Eidsvollmannen Ole Elias Holck, gjev oss eit innblikk i korleis borgerskapet kunne feire jul med lekre rettar og søte freistingar. Kokeboka fortel om eit levesett der det var tilgang på eksklusive råvarer, mellom anna importert og eksotiske varer som sitron, dadlar, fiken, mandlar, nellik, pomeransskal, osv.

Artikkelen er henta frå Kjelda: nytt frå akrivarbeidet i Sogn og Fjordane. 2014 Vol. 23 Nr. 3.

Gåve med fornemme røter

Kaptein Ole Elias Holck (1774-1842) var militærutsending til Eidsvoll og representerte såleis ikkje amtet, men det Bergenhusiske regiment. Han var også ein av dei som markerte seg sterkt i debatten då grunnlova skulle skrivast. Holck kom frå Hyllestad, men busette seg i Lavik som vaksen då han gifta seg med Karen Sophie Hansen, dotter til futen Simen Hansen. Dei nygifte busette seg på garden Alvera i barn domsheimen til Karen Sophie. Dei fekk to døtrer, Christine Fine (1820 -1870) og Martha Margrete Fine (1824-1914). Om det var dårleg med høvande ekte skapskandidatar eller det var andre tilhøve som spelte inn, skal vere usagt, men dei to systrene gifta seg i tur og orden med kaptein Peder Fredrik Hartwig. Fyrst ute var Christine, som døydde då ho var 50 år, og deretter Martha Margrethe, som også budde på Alvera. Begge systrene døydde barn lause. Enkefru Hartwig, Martha Margrethe, gav i 1914 mange gjenstandar frå heimen på Alvera til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, og denne vesle kokeboka fylgde med. No er ho oppbevart på fylkesarkivet.

Frå hand til hand 

Kor gamal denne handskrivne opp skriftsboka er, veit vi ikkje heilt sik kert. Ho er tidfesta til 1700-1800-talet og oppskriftene fortel om eit finare kosthald. Boka er lita av format, meir som ei kladdebok å rekne, men ho rommar heile 135 oppskrifter og er til dels skriven med nydeleg gotisk handskrift. Kvar ho opphavleg kom frå og kven som har vore den fyrste eigaren, veit vi heller ikkje. Kanskje ho har vore eit arvestykkje? Innføringane avslører at det har vore ulike personar som har skrive inn oppskriftene, og det skulle kunne tyde på fleire eigarar. Oppskriftsboka kan ha kome både frå familien til Ole Elias Holck og kona Karen Sophie Harberg Hansen. Dei kom begge frå betrestilt familiar, ikkje minst kona til Holck som var dotter til futen Harberg, ein av dei rikaste menn i Sogn på 1700-talet. Kanskje det var mora, Kirsten Finde Harberg, som byrja å skrive i denne som futekone i Bjordal? 

Borgarskapets kjøkken

Vi kan trygt slå fast er at dette var ikkje ei kokebok for mat mynta på ålmenta. Kokebøker var framleis for overklassen, og denne boka gjev oss innsyn i dei lekraste rettar frå borgarskapets kjøkken. Når ekteparet Holck inviterte til fest og deira likesinna sessa seg i stovene i futegarden i Alvera, kunne dei bli servert godsaker som fylt kramsfugl, fylt fisk, ragu av viltkjøt, vinsuppe, sitronsuppe, sprutbakels, goro, mandelposteier osv. Kjeldene fortel at då Eidsvollsmennene var samla for å vedta grunnlova, inviterte prins Christian Fredrik kvar kveld 12 av delegatane til ein utsøkt middag. Fleire av rettane i kokeboka til enkefru Hartwig ser også utsøkte ut og ville tru leg ha fait i smak i ein prinsemiddag. Kokeboka fortel om eit levesett der det var tilgang på eksklusive råvarer, mellom anna importert og eksotiske varer som sitron, dadlar, fiken, mandlar, nel lik, pomeransskal, etc. Men oppskriftene fortel også om bruk av kortreiste råvarer som fisk, vilt, svin, okse, egg og fløyte. Folketeljinga av 1865 fortel at på Alvera var dei bra forsynte med mat av eigen avl då dei hadde både griser, kyr og får. Alvera ligg kloss i Sognefjorden så fersk fisk skulle det også vere god tilgang på. Oppskriftene er lite detaljerte med omsyn til framgangsmåte, og mange av dei verkar tidkrevjande. 

Korleis eigarane av kokeboka feira jul i 1814 veit vi sjølvsagt lite om, men det er vel grunn for å tru at det ikkje stod på maten. Kanskje tenestejentene laga desse makronane til jul slik eg har tenkt å gjere? 

Image
Oppskrift på makroner i kokeboka som kjem frå Martha Margrethe Hartwig.
Datering
1700/1800-talet
Eigar
Vestland Fylkeskommune

Mackroner 

Tag it pund mandler et pund fint sigtet Sucher kom saa mandlerne og sucheret til sammen og set det paa ilden og rør vel deri mens det kaager indtil det bli ver haart tag det saa fra og kom 4 Æge hvider eller 5 som slaget vel set det saa paa ilden igien og lad det blive lige saa tygt som til forn tag det saa af og læg det paa ablater og steg ? i en terte pande, du kand og komme der udj Sucket og Safran om du vild af dej kand du og giøre eendel kranser og mandler men til mandlerne skal du komme eggeblommer isteden for hveden.

Uprenta;

Internett: