Tunet på Hustveit slik det såg ut i 1917.
Datering
1917
Eigar
Voss folkemuseum

Fire generasjonar Hustvedt

Mange av utvandrarane ville gjerne verta amerikanske så fort som råd. Det var ikkje uvanleg at dei la vekk klede og skikkar og anna som kunne minna om heimlandet. Etter ein generasjon eller to kunne dei vera godt etablerte i det amerikanske samfunnet, men mange ville likevel gjerne vita meir om landet familien kom frå. Då kunne det vera for seint – dei som kunne fortelja noko var gjerne borte. Den amerikanske historikaren Marcus Lee Hansen formulerte dette slik: «Det som sonen ynskjer å gløyma, ynskjer sonesonen å hugsa». Det fanst likevel unntak, sjølvsagt. For nokre familiar var det sjølvsagt at dei norske tradisjonane skulle haldast ved like. Me bruker her ei grein av Hustvedt-slekta som døme, og me skal fylgja dei gjennom fire generasjonar i USA.

Ivar Hustvedt (1844–1931)

Attesten Ivar Hustveit fekk av sokneprest Elias Smitt i 1868
Eigar
NAHA

Den fyrste av dei fire var Ivar Davidson Hustvedt. Han var son til David L. Hustvedt, den fyrste ordføraren på Voss. Ivar utvandra i 1868 og fekk då med seg ein strålande attest frå soknepresten på Voss, Elias Smitt. Hustvedt hadde vore lærar i krinsane på Løno og Leidal, og i attesten står det mellom anna at han passa svært godt til denne jobben: «Til denne Beskjæftigelse har han meget gode Gaver og er en særdeles samvittighedsfuld, hæderlig og kristeligsindet ung Mand».

Det ser ut til at planen hans var å utvandra saman med broren Torkel. Slik gjekk det ikkje, og planen vart endra til at Torkel skulle koma etter. Det vart det heller ikkje noko av. Året etter at han utvandra sende Ivar eit brev til broren, og i svarbrevet skriv Torkel mellom anna: «Af dit siste Brev erfarer jeg til min store Sorg, at Du ikke finder Dig videre tilfreds i Amerika, samt at Du fraraader mig at komme efter». Han skriv vidare at han mange gonger har angra på at han ikkje slo fylgje med Ivar, men at han no ville gå tilbake til å arbeida for lensmannen. 

Her, i landskapet ved Sogn i Minnesota, slo Ivar Hustvedt seg ned.
Fotograf
Eirik Helleve
Eigar
Eirik Helleve

Etter 11 år i USA gifta Ivar gifta seg med Brita Leidal (1847–1917), som hadde utvandra saman med foreldra i 1857. Brita og Ivar slo seg ned i Goodhue County, Minnesota. Området var fullt av nordmenn, men den einaste andre vossa-familien i området var frå Bakketun. Der var flest aurlendingar, og staden fekk namnet Urland. Dei to fekk åtte born.  

Ivar Hustvedt var lærar i den lokale skulekrinsen i 40 år. Han var kyrkjesongar i Urland kyrkje i 30 år, og han var sekretær for kyrkjelyden like lenge. I 1912 var han viseformann i det amerikanske Vosselaget. I 1928 vart han heidra med ein stor fest, skipa til av vener og kjende. Festen viste at Hustvedt var ein respektert mann – mellom dei mange som heldt tale finn me heile tre professorar.

Lars Hustvedt (1887–1973)

Lars Hustvedt tok over garden etter foreldra. Han var gift med Matilda Underdahl (1893–1991), og dei fekk fire born. Nokon materiell velstand var det ikkje snakk om, men sonen Lloyd fortalde om ein god og harmonisk oppvekst. Familien snakka framleis norsk heime, men rundt dei vart samfunnet meir og meir amerikansk. Kva namn dyra på garden fekk viser dette tydeleg: Kyrne var alltid heime på garden og fekk namn som Litago, Dagros eller Fagerros. Hestane var derimot ofte med til den nærmaste småbyen der dei møtte det amerikanske samfunnet, og dei fekk difor engelske namn som King, Prince eller Duke. 

I 1930-åra var det vanskelege tider i USA. Garden var ikkje gjeldsfri då Lars og Matilda tok over, og dei såg seg nøydde til å selja to tredelar av garden. Den resterande eigedomen var ikkje stor nok til at dei kunne leva berre av garden, men han vart verande i slekta. Etter at faren døydde veksla sønene Iver og Lloyd på å ta seg av hus og hage. 

I 1961 arva Lars nesten 6000 kroner frå ein norsk slektning. Han brukte pengane på noko han truleg hadde drøymt om heile livet: 74 år gamal reiste han til Noreg for fyrste og einaste gong, og det viktigaste reisemålet var sjølvsagt Hustveit. Han visste kva han kom til, faren hadde fortalt mykje om garden og området rundt. Sonedottera Siri skreiv seinare at my grandfather remembered what he had never seen – bestefaren hugsa noko han aldri hadde sett. 

Matilda døydde i 1991, 98 år gamal. I gravferda sa sonen Lloyd at ho var the last pioneer – den siste av pionerane. Det var ikkje tomme ord, ho må ha vore ei av dei siste som hugsa det enkle og harde livet i dei tidlege norske busetnadene.

Frå kyrkjegarden ved Urland-kyrkja i Minnesota. Framme til venstre er gravsteinen til Matilda og Lars Hustvedt; like bak står gravsteinen til Ester og Lloyd Hustvedt. 
Fotograf
Eirik Helleve
Eigar
Eirik Helleve

Lloyd Hustvedt (1922–2004)

Lloyd Hustvedt fotografert ved Voss folkehøgskule, 1992.
Datering
1992
Fotograf
Vidar Herre
Eigar
Vidar Herre

Lars Hustvedt skal ha vore glad i bøker, og denne interessa smitta over på sonen Lloyd. Han var student ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota, frå hausten 1942. Før han fekk fullført det fyrste skuleåret vart han kalla inn til militærteneste. Han var involvert i kampar ved Filippinane, og etter at verdskrigen var over var han med i okkupasjonsstyrkane i Japan i seks månader.

Han heldt fram med studiane då han kom tilbake til Minnesota. Han tok hovudfag i norsk, før han tok ei doktorgrad i skandinaviske studiar. Eitt år studerte han i Oslo, og her møtte han Ester Vegan (1923–2019) frå Mandal. I 1954 gifta dei seg i heimekyrkja hans, altså Urland kyrkje. 

Etter tre år ved Luther College i Decorah, Iowa, vart Lloyd Hustvedt tilsett som professor i norsk ved St. Olaf College. Her arbeidde han til han pensjonerte seg i 1987. 

Frå 1959 var han sekretær for NAHA, det norskamerikanske historielaget. Dette var eit uløna verv, men han la ned svært mange timar her. Laget hadde samla inn mykje materiale, og Hustvedt var med på å sortera dette og leggja til rette for at studentar og andre kunne bruka det. Han var mange gonger på Voss. I 1950, året han studerte i Oslo, var han til dømes her for å halda tale på jolefesten til Voss mållag. Då han i 1992 skulle halda foredrag på eit NAHA-seminar på Voss, gjorde avisa Hordaland eit langt og godt intervju med han.

I 1979 vart Lloyd Hustvedt heidra med den kongelege norske St. Olavs orden.

Lloyd Hustvedt saman med studentar i arkivet til NAHA.
Datering
1960-åra
Fotograf
Ukjend
Eigar
NAHA

Siri Hustvedt (f. 1952)

Image
Siri Hustvedt.
Datering
2014
Fotograf
Luigi Novi
Eigar
Luigi Novi/Wikimedia commons

Ester og Lloyd Hustvedt fekk fire døtrer. Den eldste av dei, Siri, er ein internasjonalt kjend forfattar som har vunne fleire prisar. 

Ho vaks opp i Northfield. Med norskfødd mor og norskamerikansk far fekk ho eit nært tilhøve til Noreg. Dei snakka norsk heime, og heile familien var eitt år i Noreg mot slutten av 1960-åra. Ho var utvekslingselev ved Bergen Katedralskole i eitt år, og ho snakkar godt norsk i dag.

Faren var altså professor, medan mora arbeidde på biblioteket ved St. Olaf College. Det seier seg nesten sjølv at døtrene òg vart glade i bøker. Sommaren 1967 var heile familien på Island, og det året bestemte Siri Hustvedt seg for å verta forfattar. Ho studerte seinare litteratur ved Columbia-universitetet på Manhattan, og ho tok doktorgrad på romanen Our Mutual Friend av Charles Dickens.

Ho debuterte med diktsamlinga Reading to You i 1983. Seinare har ho gjeve ut sju romanar og sju sakprosabøker. Ein av romanane hennar, The Sorrows of an American (Norsk tittel: Når du ser meg), handlar om ei kvinne som ryddar i papira etter faren, som hadde vore professor i historie. Romanen har klare sjølvbiografiske trekk, og ho bruker mellom anna autentiske utdrag frå dagbøker Lloyd Hustvedt skreiv då han var soldat.

 

  • Arkivet til NAHA
  • Eirik Helleve: Soria Moria (2025)
  • Hordaland 29.8.1992
  • Odd S. Lovoll: Det løfterike landet (1983)
  • Siri Hustvedt: Yonder (1992)
  • Vossingen 1923 og 1928