Eit kjent og vakkert motiv frå Ervik, med Erviksanden og det spesielle fjellet Hovden, med Litle-Hovden til høgre. Tyskarane bygde veg opp til Hovden, sette opp kanoner på høgste toppen, og sprengde ein nesten 100 meter lang tunnel gjennom toppen.
Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Krigsminne på Hovden i Ervik og på Kjerringa

Alt vinteren 1942-43 starta tyskarane arbeidet med vegen frå Ervik og opp til Hovden, men først sommaren 1944 var luftvernbatteriet klart på denne litt spesielle plassen.

Luftvernkanoner på Hovden

Det var den tyske marinen som bygde luftvernbatteriet på Hovden, og formålet var å verne eigne skip og konvoiar i skipsleia rundt Stad mot allierte flyangrep. På alle kantar er det bratt ned til sjøen, og ein kan tenke seg korleis det må vere der oppe når det er storm ved Stad. Men her plasserte tyskarane fire 10,5 cm luftvernkanoner, og ute på Little-Hovden ein lyskastar og to 40 mm kanoner. Gjennom Hovden går ein 100 meter lang tunnel, og frå enden av tunnelen vart det montert ei kabelbane ned til Little-Hovden der det også er sprengt ut ein liten tunnel. Hovedtunnelen har ein omlag like lang sidetunnel som endar i ei sjakt. Tunnelanlegget er open, og det er sett opp informasjonstavle ved ein sti opp til Hovden.

Image
Utsyn frå toppen av Hovden og utover til Litle-Hovden og skipsleia forbi Stad. I framgrunnen fundamentet til ei 10,5 cm luftvernkanon, og bakanfor ein halvferdig ammunisjonsbunker. Like framfor kanonen går terrenget bratt ned til sjøen før ein kjem ut til Litle-Hovden. Der kan vi sjå dei to stillingane til luftvernkanonene på toppen, og under er det sprengt ut ein tunnel. Til venstre er Kobbeholmen der hurtigruteskipet "Sanct Svithun" vart sett på land etter bombinga av britiske fly 30. september 1943.

Kjell-Ragnar Berge
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Fakta om luftvernbatteriet på Hovden:

Tysk namn på batteriet: Marine-Flak-Batterie 2./702 Ervik
Mannskapsstyrke: Omlag 100 befal og menige soldatar
Hovedskyts: 4 tyske 10,5 cm SKC/32 luftvernkanoner

Russisk krigsfangleir i Ervik

Attmed vegen opp til Hovden låg ein leir med russiske krigsfangar som tyskarane sette inn i arbeidet på Hovden. I det harde arbeidet mista mange russarar livet, og dei vart provisorisk gravlagde like ved leiren. Like etter krigen vart gravene flytta til gravplassen ved kapellet i Ervik, og krossen med teksten "Her hviler 21 russere", er teken vare på. Gravene vart seinare flytta til ein eigen gravplass for russiske krigsfangar i Norge. Det ligg ikkje føre sikre tal for kor mange russarar det var i Ervik, men det kunne vere mellom 100 og 120. Heller ikkje talet på dei som mista livet er sikkert, men det kan vere ein stad mellom 21 og 32 krigsfangar.

Image
Utsyn austover i retning Ervik. Ved brua og vegkrysset omlag midt på biletet låg den russiske krigsfangeleiren. Til høgre delar av vegen som er bygd opp til Hovden, og i framgrunnen restane av grunnmuren til den store kjøkkenbrakka.
Utsyn austover i retning Ervik. Ved brua og vegkrysset omlag midt på biletet låg den russiske krigsfangeleiren. Til høgre delar av vegen som er bygd opp til Hovden, og i framgrunnen restane av grunnmuren til den store kjøkkenbrakka.
Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Radarstasjonen på Kjerringa

Frå Hovden ser ein opp til Vestkapphuset på Kjerringa 497 meter over havet. Her oppe på platået hadde det tyske Luftwaffe eit stort radaranlegg med fire radarsystem og teknisk utstyr for flynavigasjon og radiosamband. Nyaste radarsystemet var ein "Wassermann" radar med rekkevidde opp mot 350 km. I kjeden av radaranlegg Luftwaffe bygde på kysten, gjekk anlegget på Kjerringa under namnet Flugmelde-Zentrale (FMZ) "Steineiche". Formålet til heile anlegget var flyvarsling og støtte til eigne fly. Frå radarstasjonen var det mellom anna radiosamband til hovedsentralen på Fløyfjellet ved Bergen (Herdla flyplass), til Aukra vest for Molde (Gossen flyplass), og til andre flymeldepostar på kysten.

Image
Einaste restane etter det tyske radaranlegget på Kjerringa, er murane som vart bygde til vern av dei ulike installasjonane. Innanfor denne muren har det vore ei brakke, med utsikt til Stadhavet og innseglinga til Honningsvåg.
Einaste restane etter det tyske radaranlegget på Kjerringa, er murane som vart bygde til vern av dei ulike installasjonane. Innanfor denne muren har det vore ei brakke, med utsikt til Stadhavet og innseglinga til Honningsvåg.
Datering
1993.
Fotograf
Kjell-Ragnar Berge.
Eigar
Kjell-Ragnar Berge.

Moderne anlegg øydelagt

I 1945 var anlegget eit moderne, avansert og kostbart anlegg. Frykta for at tyskarane sjølv ville øydelegge det ved kapitulasjonen viste seg ugrunna. I juni 1945 vart sjefen for den norske vaktstyrken på Stadlandet, fenrik Dagfinn Aardal, vist rundt på anlegget av den tyske sjefen, og alt var då i orden. Etter at tyskarane hadde overlevert sine radaranlegg kom det ordre frå britiske militære styresmakter om at anlegget skulle øydeleggast. Radarsystema på Kjerringa vart sprengt, og seinare vart alle restar fjerna frå området. Murane som skulle verne brakker og utstyr mot ver og vind, eller eventuelle allierte flyangrep, er det einaste som står igjen i dag.

Berge, Kjell-Ragnar: Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-45. Hyllestad/Førde 1995.
Hoffman, Karl Otto: : Die Geschichte der Luftnachrichtentruppe
Bundesarchiv-Militärarchiv i Freiburg, Tyskland: Arkivrestar etter tyske militære avdelingar i Norge 1940-45.
Fjørtoft, Jan Egil: Tyske kystfort i Norge Tromsdalen 1982.

Sjå også artikkel om:

Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Andre stader i kommunen