Artikkelen er henta frå Kjelda: nytt frå arkivarbeidet i Sogn og Fjordane. 1996 Vol 5. Nr. 4.
Kjøtmølje før jul
På Kyrkjebø i Sogn brukte dei kjøtmølje til frukost veka førjul. «Dei tok flatbrød og braut det sunt i småe molar som dei hadde i eit fat og so varma
dei opp kjøtkraft som dei hadde oppå brødet i skåla og rørte dette om og på slutten varma dei feitt oppå. Feittet var sauetalg. Dei siste åra dette vart brukt hadde dei kvar sin tallerk» (Anders H. Berge). Dei åt mykje mølje i desember månad.
Grisehovud og flatbrød
Frukostbordet skulle vera dekka til kl. 6 julafta. På Kyrkjebø åt dei kjøtmølje, i Gulen grisehovud og flatbrød. I Jølster hadde dei gode pølser, flatbrød og suppe. Til dette måltidet tende dei eit lys. Det gav ganske sikkert ei kjensle av høgtid hjå dei som sat ved bordet. Dersom folk ikkje åt mølje, brukte dei ofte kjøtribbe med poteter til frukost. Sidene av sauen blei nytta, og kjøtet blei steikt på panne.
Kjøtmølje til middag
Klokka 12 var det middag. Folk bada seg anten før middagen eller før kveldsmåltidet. På Veiteberg i Jølster bada dei seg før nonsmaten og tok på seg «reine, nye underklær.» Til middag serverte dei kjøtmølje att på Kyrkjebø. Dette brukte dei og på Kjellevold i Gulen.
Kaffimaten var ymse kaker
På Kyrkjebø serverte dei kaffi og ymse sortar kaker kl. 17. Dei hadde lefsekling som var «kneka kvit» med kveitemjøl og råmjølk. På Veiteberg la dei potetkaker inni svelene før dei smurde. Dette gjorde det lettare å smøre kakene og gjorde smaken betre. Kan hende vart dette gjort for å dryge maten?
Kveldsmaten var høgtidsmåltidet
Kveldsmaten åt dei frå klokka 20, nokre stader seinare, kl. 22-23. På Veiteberg åt dei kjøt og mjukt brød. Matkorga stod no på bordet, og kvar hadde fått fyllt eit staup eller ei øskje med smør som dei skulle ha sjølve. På Kyrkjebø hadde dei smør og flatbrød, ost og alltid fisk, viss dei hadde det i huset, og steikt juleribba. I jula vart ikkje maten tilmålt til den einskilde slik dei gjorde til dagleg. Dei fekk ete så mykje dei ville. I Gulen brukte dei «god brosme, poteter, smør og ferskt havreflatbrød. Attåt fisken åt dei mjølkesuppe av søtmjølk og byggmjøl. (Fresvik) Dei som ikkje hadde fersk fisk brukte ofte lutefisk.
Julegeiter eller smalesider steikt i omnen
Frukosten første juledag vart servert på senga. I Gulen var det far som kom rundt med mat som husmora hadde sett fram i ei korg om julekvelden. Kvar fekk «minst 4 skiver, og dessutan potetkaker eller lefse». Av og til hadde ein kjøpt «julegeiter». Dette var kaker med «horn» og «hol» i. Alle skulle få ei skive av eit rundt julebrød med ei rosin i midten. Til drikke fekk dei mjølk eller øl. Seinare kom kaffien i bruk. I Jølster steikte dei smalesider i omnen slik at feittet «rann ned på flatbrødleiven som låg i gruesteinane».
Øl og dram høyrde til
Det var vanleg å bryggja øl til jul. På Veiteberg i Jølster var det vanleg å bryggja så nær oppunder jul at dei hadde oppskoka på sjølve julafta. Nokre hadde oppskoke vetlejulafta. «...på Veiteberg bar dei oppskoka julaftan, og dei for frå gard til gard og møttest alle til slutt hos same mannen til moro for drengene...» Juledrammen sytte og husbonden for. Litt før århundreskiftet begynte dei å kjøpa brennevinet. Før dette brende husbonden julebrennevinet sjølv. «Du lyt no smaka juleflaska mi», sa dei i Balestrand.
Born og tenarar
Born og tenarar fekk gøyma mat og eta han når dei sjølv ville. Mat dei løyvde frå måltida gøymde dei og. Borna fekk små øskjer til å ha denne maten i. Tenarane fekk ei ekstra julekake så dei kunne halde gjestebod for venene sine. Dei fekk og ei drammeflaske av husbonden så dei kunne skjenke venene sine. Gjestebod heldt tenarane i uthusa (Kyrkjebø).