1843 fekk Voss for fyrste gong vitjing av utvandra vossingar. Knut Hydle og Lars Røthe, som begge hadde utvandra i 1840, kom for å gifta seg med kjærastane sine. Dei vart i bygda til 1844, då begge gifta seg i mai. Kort tid etter reiste dei attende til Amerika, og dei reiste ikkje åleine: Det året utvandra heile 310 vossingar.
Med i denne gruppa var to brør frå Bø i Tjukkebygdi, Ivar og Steffa. Dei to eldste brørne deira, Knut og Bård, hadde utvandra nokre år før. Knut hadde i fleire brev oppmoda dei to yngste brørne om å koma etter, og då dei kom til USA reiste dei rett til Chicago, der Knut var busett. I USA tok alle brørne etternamnet Lawson.
Faren: Ivar Lawson
Ivar Lawson var fødd i 1821 og var altså 23 år gamal då han utvandra. Chicago vart heimbyen hans resten av livet. Før han utvandra hadde han arbeidd som skreddar, og det var slik han livnærte seg dei fyrste åra i Chicago. Dette vart likevel ikkje den viktigaste inntektskjelda hans. Det tok ikkje lang tid før han kjøpte den fyrste eigedomen sin, og han heldt fram med eigedomshandel livet ut. Dette gjorde han gode pengar på, i den store bybrannen i Chicago i 1871 skal han ha mist verdiar for 50 000 dollar. Før brannen skal han ha hatt verdiar for rundt ein million dollar.
Lawson var aktivt med i det amerikanske samfunnet. Han var til stades då det republikanske partiet vart skipa i 1854. Partiet stod då for noko heilt anna enn det republikanske partiet gjer i dag. Ved valet i 1856 vart John Fremont den fyrste amerikanske presidentkandidaten som tok til orde for å avskaffa slaveriet.
Partiet fekk ikkje presidenten i 1856, men ved det neste valet, fire år seinare, vart Abraham Lincoln vald til president. Partimøtet som nominerte Lincoln vart arrangert i Chicago, og Lawson var til stades, om enn ikkje som delegat. Han var no øvste sjef for politiet i byen og hadde såleis ansvar for tryggleiken rundt partimøtet.
Lawson sat i bystyret i Chicago i tre periodar frå 1864, og frå 1869 var han representant i statsforsamlinga for Illinois. Han var den fyrste norskamerikanaren med politiske verv i Chicago.
Organisasjonsmannen
Sjølv om han tok aktivt del i det amerikanske samfunnet, var han fullt klar over kvar røtene hans var. Han var sentral i det norskamerikanske miljøet i Chicago, og særleg blant dei mange vossingane i byen.
Lawson var sentral i to tidlege vossa-amerikanske organisasjonar. I 1848 skipa vossingane i Chicago den fyrste norskamerikanske organisasjonen, Det Vossiske Korrespondanseselskap. Den norsk-svenske konsulen i New York, Adam Løvenskjold, hadde i 1848 skrive ein svært negativ rapport frå ei reise til norskamerikanske miljø i Wisconsin. Korrespondanseselskapet ville korrigera dette biletet, og dei sende i alt åtte brev til Voss, der dei skildra tilhøva i USA.
Også i den neste vossa-amerikanske organisasjonen, Voss Prestegjelds Emigrations Forening, var Lawson sentral. I 1856 hadde han vore på Voss, der han møtte mange som ville utvandra, men som ikkje hadde råd. Tilbake i Chicago var han med på å skipa Voss Prestegjelds Emigrations Foreining, som lånte ut pengar til utvandrarar. Lawson var formann dei få åra laget eksisterte.
Avismannen
Den største og viktigaste norskamerikanske avisa var Skandinaven, som kom ut mellom 1866 og 1941. Ivar Lawson var ein av dei tre som grunnla denne avisa. Skandinaven hadde i 1912 eit opplag på over 53 000 og var då den største norskspråklege avisa i verda.
Lawson trekte seg ut av Skandinaven i 1872. Han skipa avisa Amerika i april 1872, men denne avisa fekk eit kort liv: Det siste nummeret kom i desember same år. Den viktigaste grunnen til det var truleg at Ivar Lawson døydde i desember 1872, berre 51 år gamal.
Sonen: Victor Lawson
Den eldste sonen hans, Victor Fremont Lawson, heldt fram der faren slutta. Målet hans var å studera ved Harvard, men han fekk problem med augo og måtte leggja vekk universitetsplanane. Dokteren hans meinte òg at han hadde lettare symptom på tuberkulose, og våren 1872 reiste han difor vestover til Minnesota. Der var det friskare luft, og han heldt seg stort sett utandørs – han jakta, fiska, og kom gradvis i betre form. Men då han i fekk vita at faren var død reiste han med ein gong til Chicago, for å ta over forretningane hans.
Aviseigar
Victor Lawson var berre 22 år då han tok over etter faren, men han var godt eigna til den stillinga. Han var myndig og uredd, og kvidde seg ikkje for å seia opp arbeidarar som ikkje passa inn. Det viktigaste for Lawson var at det gjekk godt for verksemda.
Skandinaven var retta mot dei norskamerikanske lesarane. Victor Lawson var ikkje så knytt til Noreg som faren var, og kanskje det var ein av grunnane til at han såg seg om etter andre aviser. Ei avis som var trykt på norsk ville aldri nå langt nok ut, ei engelskspråkleg ville nå ut til alle. Han kjøpte seg inn i Chicago Daily News, og saman med redaktøren Melville Stone bygde han avisa opp til å verta den største i Chicago.
Victor Lawson gjekk inn med litt ny kapital, men det viktigaste han kom med var seg sjølv. Lawson hadde eit stort talent for å tena pengar og hadde òg stor arbeidskraft. Han var ein energisk og initiativrik aviseigar, som stolte så mykje på si eiga dømmekraft at han gjerne handla stikk motsett av det advokatar og andre tilrådde han.
Avisa var redd for å støyta frå seg lesarar, og i valkampen hausten 1876 heldt dei seg politisk nøytrale, noko som var svært uvanleg på den tida. Det fungerte likevel godt, på eitt år steig opplaget frå 10 000 til 25 000. I 1886 var opplaget 240 000, og då var avisa den største dagsavisa i USA.
Lawson førte inn nye arbeidsmåtar i amerikansk journalistikk. CDN skal til dømes ha vore den fyrste amerikanske avisa som hadde eigne korrespondentar i utlandet. Avisa kom ikkje ut på sundagar, slik konkurrentane gjorde. Den viktigaste grunnen til dette var at Lawson ville la arbeidarane sine få ein fridag kvar veke, men religiøse årsaker kan òg ha spelt inn. Han var forsiktig med alkohol, og avisene hans var òg heilt frie for alkoholreklame.
Han vart etter kvart svært velståande. Han gav vekk store summar, og mot slutten av livet meinte han sjølv at han årleg gav vekk 150 000 dollar.
Lawson kjende seg nok langt meir amerikansk enn norsk. Han var ikkje aktiv i norskamerikanske organisasjonar, og etter at han selde seg ut av Skandinaven var han heller ikkje aktiv i den norskamerikanske pressa. Han visste likevel godt kvar han kom frå. I 1887 tok han fri frå arbeidet i atten månader, og reiste til Europa. Med på reisa var Jessie Bradley, som han hadde gifta seg med i 1880. Dei var fyrste lenge i Sveits, men deretter reiste dei gjennom fleire land, og budde mellom anna ei tid i Oslo. Det er ikkje kjent at dei vitja Voss.
Associated Press
Associated Press er i dag eitt av dei største nyheitsbyråa i verda. Lawson var styreleiar der frå 1894 til 1900, og han sat i styret dei neste 25 åra. I denne perioden vart byrået langt større. Dei flytta hovudkontoret frå Chicago til New York, og fekk òg kontor mange stader i utlandet.
I dag er meir enn 1700 aviser og 5000 radio- og fjernsynsstasjonar frå 120 land medlemmar i byrået. Nokre vil kanskje hugsa at dei frå februar ikkje lenger får tilgang til pressekonferansar i Det kvite hus, etter at dei sa at dei framleis vil kalla Mexicogolfen for Mexicogolfen.
Seinare år
Etter at Victor Lawson vart enkjemann i 1914 arbeidde han endå meir enn før. Han såg heile tida etter måtar Chicago Daily News kunne utvida drifta, og i 1922 vart dei den fyrste amerikanske avisa med eigen radiostasjon.
Lawson hadde hatt nokre mindre hjarteslag i åra før, men han var rimeleg oppegåande til det siste. Han fekk eit kraftig hjarteslag om morgonen onsdag 19. august 1925, og døydde same kvelden. Til gravferda hans sende den amerikanske presidenten blomar. Då han døydde var han god for rundt 20 millionar dollar, og i ein nekrolog vart han omtala som den rikaste norskætta amerikanaren.