Kyrkja på aust-Koshkonong. (Vesterheim)

Kakselandet Koshkonong

Koshkonong vart ein av dei mest vidgjetne busetnadene i USA. Svært mange utvandrarar frå Voss slo seg ned her. Mange av dei vart velståande, og andre utvandrarar gav området namnet Kakseland.

Utvandringa frå Voss tok til i 1836, då ein familie på fem utvandra. Året etter var det alt snakk om ei masseutvandring frå bygda – det året utvandra rundt 100 vossingar. Mellom desse var Nils Bolstad, Magne Bystølen og Odd Himle. Alle tre slo seg fyrst ned i Fox River, Illinois. Bolstad og Bystølen arbeidde mest på farmar i området, medan Himle arbeidde på kanalar. I 1839 utvandra Nils Gilderhus, og på seinsommaren kom han til Fox River. Der fekk dei høyra om godt og ledig jordbruksland lengre nord, og hausten 1839 reiste Bolstad og Gilderhus nordover for å undersøkja dette. Dei tok med seg Himle som tolk. Bystølen skulle òg vera med, men han vart sjuk og heldt seg i Fox River. 

Image
Eitt av dei eldste husa som framleis står på Koshkonong, bygd i 1855 av Johannes Brynjulvsson Berge. (Eirik Helleve)

Bolstad, Gilderhus og Himle reiste truleg nordover til Milwaukee før dei svinga vestover, og etter ei stund fann dei land dei var godt nøgde med. Gilderhus tok ut 80 acres, medan Bolstad tok 40 acres. Dei tok òg ut 40 acres til Bystølen, og dei tre eigedomane låg heilt inntil kvarandre. Dei reiste tilbake til Milwaukee og registrerte kjøpet. Gilderhus stod fremst i køen, og han vart dermed den fyrste europearen som tok seg land i området. Namnet på området, Koshkonong Prairie, fortel at det amerikanske urfolket var godt kjende der. Koshkonong tyder «innsjøen me bur ved» på Potawatomi-språket.

Image
Ragnhild og Nils Gilderhus saman med to av borna sine. (Norsk Utvandrermuseum)

Jordhole

Gilderhus, Bolstad og Bystølen vart tre gode naboar. Etter å ha overvintra i Fox River reiste dei til Koshkonong våren 1840, der dei sette opp eit enkelt hus, truleg på eigedomen til Gilderhus. Utover hausten vart det altfor kaldt i dette huset, så dei grov seg ei jordhole på eigedommen til Bystølen. Der budde dei to vintrar. 

Himle tok seg ikkje jord her. Han var trulova med Mari Larsdotter Gjerme. Planen var at Himle skulle reisa til Voss i 1840, og at dei skulle returnera til USA året etter. Han vart sjuk og måtte utsetja heimreisa heilt til 1844. Dei gifta seg i april 1845 og utvandra same året. Dei sigla med Kong Sverre, som tok ut frå Bergen midt i mai og var framme seint i juni. Då dei kom til Koshkonong var det beste landet kjøpt av andre, og Himle reiste vidare til Spring Prairie, Wisconsin.

Mange vossa-gardar

Svært mange innflyttar kom til dei neste åra, og mange av dei var vossingar. På eit kart Knut A. Rene teikna til den store boka han gav ut i 1930 har han notert alle gardane som er eigde av vossingar, og kartet viser at litt over hundre gardar på kartet var eigde av vossingar.

Image
Kart over Koshkonong, teikna av Knut A. Rene.

Nokre namn står fleire stader på kartet, til dømes Nils Gilderhus. Han var den fyrste som tok seg land her, men alt i 1844 flytta han noko lengre vest. Her vart han nabo med broren Anders. Då det i 1852 skulle byggjast kyrkje på Koshkonong fekk kyrkja tomt av Nils Gilderhus, og i dag står St. Paul’s Liberty Lutheran Church på denne tomta. Dette skal vera den eldste norskamerikanske kyrkja som framleis er i bruk. I 1856 selde Gilderhus garden sin til systera Gunvor og mannen hennar. Han flytta til Dodge County, Minnesota. Han var ein rastlaus mann, og i 1881, 72 år gamal, flytta han vestover til Nelson County, Nord-Dakota, der han for tredje gong byrja heilt på nytt. Han døydde i 1890.

Nils Bolstad budde på Koshkonong heilt til han døydde i ei ulukke i 1865. Magne Bystølen flytta til Olmstead County, Minnesota, der han døydde i 1883. 

Lars Reque

Lars Davidson Reque (1818–1912) kom til USA med det same skipet som Nils Gilderhus i 1839. Då Gilderhus og dei andre reiste frå Fox River til Koshkonong i 1840 vart Reque med, og han fann seg ein eigedom noko lengre nord enn dei andre tre.

Dei neste åra arbeidde han andre stader, mellom anna i gruver sørvest i Wisconsin, for å leggja seg opp litt pengar. På Koshkonong laga han seg ei kubberulle; ei vogn der kvart hjul er laga av ei eikeplate. Professor Odd S. Lovoll har skrive at både ordet og doningen er «ekte norsk-amerikanske konstruksjoner».

Image
Portrett av Ingeborg Reque, ukjent kunstnar. (Vesterheim
Image
Portrett av Lars Reque, ukjent kunstnar. (Vesterheim)

I 1844 utvandra 18 år gamle Ingeborg Olsdotter Bergo. Ho reiste saman med broren Claus, og på veg vestover i Wisconsin kom dei til ei lita elv som var vanskeleg å kryssa. Dei stod der rådville, då 26 år gamle Lars Reque kom gåande frå andre sida. Han høyrde at dei var vossingar og tok av seg skorne, bretta opp buksene, og gjekk over elva. Han lyfta opp Ingeborg og bar ho over, og det viste seg å vera eit godt sjekketriks: Ingeborg og Lars gifta seg nokre månader seinare. Dei køyrde på kubberulla til den vesle byen McFarland, der dei fann ein dommar som kunne vigsla dei. Ingeborg kunne ikkje engelsk og vitsa seinare med at ho eigentleg ikkje visste om ho verkeleg var gift.

Image
Kubberulle, laga av Lars Davidson Reque. (Vesterheim)

Dei greidde seg rimeleg godt, men det var ikkje før jernbanen kom til området i 1854 at det vart litt meir velstand. Frå då av gjekk farmen med overskot kvart år. Dei bygde seg nytt hus fleire gonger, utvida farmen og eigde til slutt 300 acres. Eigedomen deira var kjent for å vera både fin og god, dei hadde 700 epletre, og skal òg ha hatt ein uvanleg fin og blomerik hage. 

Ingeborg Reque døydde i 1870. Dei neste åra reiste Lars Reque mykje. Han var mellom anna tre gonger til Noreg, og då var det ikkje berre Voss som var reisemålet: Han reiste frå Lindesnes til Nordkapp. 

I 1886 gifta han seg på nytt, med Synneva Arhelleren. Dei flytta til Deerfield, den nærmaste småbyen. Han var oppteken av at fleire vossingar skulle få koma til USA, og kvart år betalte han reisa for ein vossing. Desse budde deretter hjå Reque og jobba lenge nok til at han kunne betala dei tilbake. 

Torger Thompson

I 1843 selde altså Nils Gilderhus den fyrste garden sin. Kjøparen var vossingen Gulleik Torsteinson Saue, som utvandra i 1840, 19 år gamal. Saue reiste seinare på gullgraving i California, der han tente 1500 dollar. Han brukte pengane godt og vart etter kvart den største jordeigaren på Koshkonong – på det meste eigde han heile 1000 acres. Han og kona, Dønaat Røte, fekk ni born, men åtte av dei døydde i ung alder.

Image
Torgeir Thompson (1853–1923). (Voss folkemuseum)

Den einaste som vaks opp var sonen Torger Thompson, som var like driftig som faren. Han var fødd i 1853, i det eldste huset på garden, altså eit hus Nils Gilderhus hadde bygd. Då han fylte 21 år fekk han delar av farsgarden, 320 acres, og då faren døydde i 1895 tok han over resten. Han dreiv garden godt, og var sjølv mykje med i arbeidet. Han hadde fleire offentlege tillitsverv, både lokalt og på statsnivå. Han gifta seg med Alice Mosefinn i 1883. Dei fekk to born, men begge desse døydde som spedbarn. 

Han vart velståande, og var god for minst ein halv million dollar. Han hadde utmerka seg på fleire område. Då han døydde i 1923 valde ei avis i Madison å bruka ordet filantrop i overskrifta i nekrologen. Han hadde gjeve vekk mykje pengar medan han levde, og resten testamenterte han vekk. Han gav mykje til Voss Barneheim, svært mykje til skuleboksamlingar på Viki og Dyrvedalen skular, og til eit luthersk sjukehus i Madison. Garden vart testamentert til University of Wisconsin, som brukte utbyttet på å finansiera eit professorat i skandinaviske språk, og på å driva vidare eit skandinavisk institutt ved universitetet.