Julehøgtida på 1200-talet byrja med Thomasmesse 21. desember. Klokkeslettet er ikkje nemnt i lovene, men truleg byrja julehøgtida klokka 5 som i dag. Det å halda orden på timane i døgnet kom med kristninga, og var knytt til dei ulike bønnetidene. I kyrkjer og kloster vart morgonbøna gjerne halden kl. 6 og kveldsbøna kl. 5. Dermed vart det òg byrjinga og slutten av dagen. Dette er bakgrunnen for at kyrkjeklokkene framleis ringjer jula inn kl. 5 på julaften.
Thomasmesse kl. 5 byrja dermed juleferden. Å snakka om julefred går tilbake til Sør-Frankrike på midten av 900-talet. Julefreden var ein del av eit stor fredsprosjekt der ein forsøkte å avgrensa valdsbruken i samfunnet gjennom å gjera særlege stadar og tidspunkt fredheilage. Julefred og heilagdagsfred er to tidspunkt ein skulle avstå frå valdsbruk, medan kyrkjefred, husfred og arbeidsfred er døme på stadar der fred skulle råda.
På 1200-talet hadde julefred vorte noko meir enn å avstå frå valdsbruk. I julehøgtida skulle ein ikkje arbeida. I byane skulle gatene vert reingjort til Thomasmesse, båtar skulle vera trekt på land, veden lagt i stablar, og maten klargjort. Likevel var det særleg fyrste til fjerde og åttande dag jule som var særleg heilage dagar, då ein absolutt ikkje skulle arbeida.
Julefreden vart innleia med ein heidundrande fest. For Thomasmesse skulle juleølet vera ferdig, og skulle smakast på. Thomasmesse vart difor gjerne kalla Thomas ølbryggjar eller Thomas fulltønne. Sankt Thomas sjølv hadde eigentleg ingenting med ølbrygging å gjera. For han var apostelen Thomas, gjerne kjent som Thomas tvilaren. Han reist etter Jesu død til India og grunnlag den indiske kyrkja, som er ei av dei fem urkyrkjene, og er i dag kjent som Thomaskyrkja.
Skikke å ha fest og drikka øl 21. desember har ikkje kristen opphav. For 21. desember er solsnu. Men å byrja julehøgtida den datoen, fekk ein innlemma ein urgamal fest i serien med kristne høgtider. Så juleølet, og resten av gildet denne kvelden, kan ein sjå på som eit slags offer for at den døyande sola skulle snu og på ny gje grøde. Sjølve kvelden på Thomasmesse vart kalla imber- eller emberkveld, som kanskje spelar på at sola denne dagen bare var som ei glo.
Med kristenretten på Moster i 1024 vart det gjort til ein kvar kristen si plikt å brygga øl til jul. Dette var nok ein del av same strategien med å innlemma ein gamal skikk i den nye trua sin samfunnsorden. Men det var bare dei som budde på dei høgaste fjellgardar og på dei ytste øyane som fekk bryggja øl åleine. Alle andre skulle bryggja øl saman i grupper på tre og tre bønder, og ølet vart kalla samberingsøl.
Øl var generelt i mellomalderen eit instrument for å binda folk saman. I mørke vinteren, når det var mindre å ta seg til på gardane, ser ein at nabofiendskapen blomstra. Det har i alle hundreår vore påfallande mange ærekrenkings- og slagsmålssaker på seinvinteren. Samberingsølet var nok difor meint som eit førebyggjande tiltak for å skapa gode relasjonar mellom naboar som trengte kvarandre si arbeidshjelp gjennom jordbrukssesongen.
Før Thomasmesse skulle ein òg fasta, samstundes som maten skulle vera ferdiglaga den dagen. Saman med ølet åt ein difor òg godt denne dagen. All ølbrygginga og matlaginga opp mot jul gjorde at folk hadde fyrt godt. All varmen var årsaka til kakelinna i desember, som var den mildværsperioden som gjerne kom denne månaden før vinterkulda for alvor sette seg.
På mange måtar er det feiringa 21. desember som etter mellomalderen vart flytta til 24. desember. Dette er årsaka til at vi i Norge feirar kvelden før Jesu fødsel, og ikkje på sjølve fødselsdagen, som er vanleg andre stadar, og eigentleg langt meir logisk.
I mellomalderen og hundreåra etter var sjølve julekvelden ei magisk og farleg tid. Den var ikkje magisk på grunn av nestekjærleik og anna godleik, men på grunn av skrømt og andre magiske vesen. Når kyrkjeklokkenen ringjte jula inn julaften kl. 5, var det for åvarsla folk om at dei måtte gå inn, og samstundes skremma vonde makter.
For julaften var åsgardsreie ute. Dette var ein flokk ulike underjordiske og vonde makter. Det har variert kven ein har trudd desse maktene var, men alt frå nøkken til troll, gjenferd og farlege menneske kunne vera mellom dei. Dersom nokon var ute julaften etter kl. 5 utan å verta skada, vart det gjerne tatt eit bevis for at dei sjølve var trollfolk.
For å ikkje verta tatt av årgardsreie, låse folk dørene til alle hus på garden julaften. Stabburet var ei særleg viktig bygning der maten vart lagra. Difor måla folk ein kross, gjerne i dyreblod, på stabbursdøra for å halda vonde makter unna.
Dørkransen kan kanskje både knytast til solsnutradisjonen, og til frykta for årsgardsreia. For alt i mellomalderen finn vi i Europa ein tradisjon for å hengja ein krans med eviggrønt materiale på stovedøra, aller helst kristtorn. Kristtorn vart òg i før-kristen tid rekna som magisk, sidan den vert irrgrøn sjølv om den veks i skuggen. Men ein krans kunne òg lagast av anna grønt materiale, som spegla på Kristus og det evige liv. Slik kunne ein dørkrans både symbolisera vona om ein grøderik vår, og haldt vonde makter unna.
Alle rettslege krav som gjeldskrav eller krav på odel skulle gjerast gjeldande før jul, men kvila i julehøgtida. Fyrst 6. januar skulle slike krav handsamast. Og då gjerne saman med slagsmålssaker og andre brot på julefreden når juleølet hadde ein konfliktskapande heller enn ein konfliktdempande funksjon. Etter lovgjevinga til Magnus Lagabøter skulle tida nesten stå stille i julehøgtida. Men så var det tilbake til kvardagen. Julebukkane gjekk runden frå hus til hus og fekk restar av den gode julematen, og førebuinga til alt som skulle skje det nye året tok til.