Viktig informasjon om skuleskyss frå 11. mai

Kan ikkje garantere plass til alle.

Kringom går no tilbake til det vanlege skuleskysstilbodet, slik det var før skulane stengde. Vi gjer alt vi kan for å sikre ei trygg og smittefri reise, og vi har tett dialog med kommunar og skular.

Rutetilbodet for skulebussar vil bli gjeninnført måndag 11. mai slik det var før skulane stengde ned 13. mars. Dette inneber at skuleskyssen vil gå med utgangspunkt i ordinære start- og sluttider, og med den kapasiteten som var før 13. mars. Dei tilpassingane som vart gjort i samband med opninga for 1.-4. årstrinn frå 27. april går ut og rutetilbodet vil gå som før skulestenginga 13. mars. Vi har forståing for at dette kan medføre utfordringar for skulen si planlegging, men er eit nødvendig tiltak for å sikre skuleskyss for alle trinn.

Det har ikkje vore rom for å setje inn ekstra bussar. Dette medfører at det på enkelte avgangar/strekningar ikkje vil vere tilstrekkeleg kapasitet til at alle elever med rett til skuleskyss får transport til og frå skulen. Gjennom rettleiaren for smittevern i skulen og for kollektivtrafikken er det sett krav til avstand mellom reisande både med kollektivtransport og med drosje. I praksis betyr dette at berre 50 % av vanlig kapasitet kan nyttast.  

I samsvar med nasjonale retningslinjer ber vi derfor om at alle som har moglegheit til å unngå bruk av kollektivtransport og tilrettelagt skuleskyss med drosje for å kome seg til skulen, om å gjere dette. Dette inkluderer også elevar med rett til skuleskyss.

Vi er inne i ein heilt ekstraordinær situasjon der vi med utgangspunkt i nemnde avstandskrav ikkje vil ha mogelegheit til å sikre nødvendig smittevern dersom alle elevar reiser «som normalt». 

Alle andre reisande bør også unngå å reise kollektivt dersom dei har alternativ. Vi ber difor alle som kan, om å reise på andre måtar eller å fortsetje med heimekontor. 

Smittevern for skuleskyss 
Veileder om smittevern for skuletrinn 1.–7. trinn under covid-19 utbrotet 2020 inneheld følgjande føringar for transport og skuleskyss:

  • Reduser bruk av offentleg transport til og frå skulen så mykje som mogleg
  • Unngå turar som fører til tett samling av elevar på offentlege transportmiddel
  • Ved bruk av skuleskyss, bør elevane sitte med minst eitt tomt sete mellom kvar elev. Søsken kan sitte i lag  
    (Til dømes kan det på ein buss med 4 sitteplassar per rad, sitte to barn per rad ved vekselvis vindug/midtgang)
  • Elevane må halde ein meters avstand mens dei ventar på bussen/anna transportmiddel
  • Flater som blir ofte berørt i buss/anna transportmiddel bør reingjerast dagleg
  • Elevar må vaske hender når dei kjem til skulen og tilbake til heimen
  • Stopp i alt manuelt billettsal – kjøp billett med Vipps


Skuleskyss med drosje
Skyss/Kringom har sett følgjande retningslinjer som gjeld for tilrettelagt skuleskyss utført med drosje:

  • Det skal ikkje vere meir enn to elevar i ei vanleg drosje (med mindre elevane er frå same husstand)
  • Det blir lagt til rette for god avstand mellom elevar i maxitaxi/minibuss
  • Flater som blir berørt ofte blir reingjort mellom kvar tur
  • Elevar blir oppfordra til å halde avstand til sjåføren, og utøve forsvarleg handhygiene. Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje nytta skoleskyss.
  • Elevane må belage seg på å bli henta/levert litt tidligere/seinare enn normalt
  • Drosjeskyss til/frå SFO gjeld berre elevar som får skyss på grunnlag av medisinsk behov (kontakt skulen om du er usikker på om det gjeld deg)

Informer dersom du ikkje har behov for skyss med drosje
Med færre passasjerar per drosje kan kapasitet bli utfordrande. Derfor er det viktig at du som eventuelt ikkje treng innvilga skyss med drosje melder frå om det til skulen.

 

Kontakt oss
Har du tilbakemeldingar eller spørsmål kan du kontakte skulen eller skuleskyss@sfj.no 

 

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk