Vestlands første sjølvkøyrande buss

Vestland fylkes første sjølvkøyrande buss er no sett i trafikk i Førde.

Oppstarten vart markert torsdag 16. september med ein offisiell seremoni med fylkesordførar Jon Askeland på HVL/Campus Verftet på Ytre Øyrane i Førde.

I samband med opninga arrangerte Skyss, som Kringom er ein del av, og samarbeidspartnarane eit webinar om framtidas transport.

Bussen skal gå mellom Concord og Campus Verftet måndag til fredag kl. 8-17, og det vil vere gratis å ta den. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar og er lagt til rette for rullestolbrukarar.

autonom_buss_Førde1_500x225[1].jpg

Dette er eit pilotprosjekt, og i første omgang skal bussen køyre i Førde i fire månader. Etter piloten vil Skyss vurdere om ein skal nytte sjølvkøyrande buss i andre delar av rutetilbodet. Målet med prosjektet er ikkje berre å teste den sjølvkøyrande bussen på vegen, men også å finne gode forretningsmodellar, god prosjektorganisering og å skape høg nytteverdi for brukarar med ulike behov og under ulike tilhøve.

Prosjektet er samfinansiert av Skyss og samarbeidspartnarane Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde i tillegg til sponsorane BKK og Enivest. Vy har kontrakten for busskøyringa.

Bussen vil ha ein vert om bord, som kan overstyre bussen i situasjonar som bussen ikkje sjølv kan handtere. Verten vil også hjelpe og informere passasjerar.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk