Ungdomskort , ung gut viser det fram

Reis så mykje du vil i Sogn og Fjordane!

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod til deg som er mellom 16 og 19 år. 

Alle mellom 16 og 19 år kan bruke Kringom sitt ungdomskort. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart. Ungdomskort kan brukast fram til den dagen du fyller 20 år.

Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld på alle kollektivreiser i Sogn og Fjordane*. Fram til og med 31. januar 2020 er prisen for ungdomskortet 365 kroner.

Merk: Frå 1.1.2020 vil Kringom sitt ungdomskort gjelde som tidlegare i området Sogn og Fjordane i Vestland. I området Hordaland i Vestland kan ungdomar kjøpe Skyss sin ungdomsbillett.

Hornindal kommune går frå 1.1.2020 inn i nye Volda kommune og blir del av Møre og Romsdal fylke. Kringom sitt ungdomskort vil frå nyttår ikkje lenger gjelde i Hornindal, men Møre og Romsdal sin periodebillett for ungdom og unge vaksne, FRAM Ung, vil då gjelde for reiser i Hornindal.

(* Ungdomskortet gjeld ikkje på private turistruter med buss, båt og ferje).

Kjøp og fornying av ungdomskortet

Kringom sitt ungdomskort får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor.

Ungdomskortet er personleg, så hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Du kan fornye ungdomskortet på bussen* eller på kontora til ruteselskapa (* Merk - ikkje på Vy sine bussar). Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet.

Pant og refusjon

Når du kjøper ungdomskortet for første gong, må du betale 100,- kr. i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikke panten refundert.

Påbyrja periode vert ikkje refundert. Ubrukt, ikkje påbyrja periode, vert refundert med aktuell kjøpspris.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det kr. 100,- i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk