Ungdomskort , ung gut viser det fram

Med ungdomskortet kan du reise så mykje du vil i heile Vestland

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod for deg mellom 16 til og med 20 år.

Ungdomskortet kostar 370 kroner. 

Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld i heile Vestland fylke. 

Alle mellom 16 til og med 20 år kan bruke Kringom sitt ungdomskort. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart.

Kjøp og fornying av ungdomskortet

Kringom sitt ungdomskort får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille kortet elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor.

Ungdomskortet er personleg, så hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Når du får Ungdomskortet, må du fylle på ein periode for at kortet skal fungere.

Du kan kjøpe ny periode for ungdomskortet på Kringom sine bussar* og lokalbåtar i Sogn og Fjordane, på Norled sine ekspressbåtar mellom Sogn og Fjordane og Bergen, eller på kontora til ruteselskapa. Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet.

*Merk at du ikkje kan fylle på Kringom sitt ungdomskort på Vy eller Nor-Way sine ekspressbussar. 

Du kan også bruke Skyss Billett-appen til å kjøpe ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland.

Ta vare på kvitteringa

Ta vare på kvitteringa når du kjøper ein ny periode.

Du må vise kvittering når du skal bruke Kringom ungdomskort på reiser med ekspressbuss og på alle reiser i Hordaland. På bussar i Hordaland og på bybanen i Bergen treng du ikkje vise billett/kvittering til sjåfør når du går om bord, men du må kunne vise fram billett og kvittering ved billettkontroll.

Om du mister kvitteringa, kan du be sjåføren på ein Kringom-buss om å få ein kopi av kvitteringa. 

Ungdomskortet gjeld på følgjande transportmiddel:

Ungdomskortet gjeld i heile Vestland på alle bussreiser med Kringom og Skyss. Ungdomskortet kan også nyttast på: 

Andre bussar:

  • Fram sine bussruter i Sogn og Fjordane
  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
  • Skyss sine “Trygt heim”-ruter i Hordaland
  • Obs: Gjeld ikkje på Kringom sine Trygt Heim-ruter i Sogn og Fjordane
  • Obs: Gjeld ikkje på Flybussen i Bergen

Bybanen:

  • Bybanen i Bergen

Båt:

  • Alle lokalbåtruter i Sogn og Fjordane
  • Norled sine ekspressbåtruter mellom Sogn og Bergen, og Nordfjord og Bergen
  • Alle båtruter i Hordaland med følgjande unntak:
    • Båtrute Osterfjorden
    • Geitanger- Knappskog
    • Turistrute Hardanger (Norheimsund - Herand - Utne - Kinsarvik - Lofthus - Ulvik - Eidfjord)

Ferje:

  • Alle ferjesamband i Vestland.
  • Dei fleste ferjesamband i Vestland brukar AutoPASS-regulativet, der passasjerar reiser gratis. Der det ikkje er gratis, kan du bruke ungdomsbilletten/ungdomskortet.

Ekspressbuss:

Vy ekspressruter: 

  • VY146 Måløy - Stryn – Oslo: Gjeld på alle strekningar mellom Måløy og Grasdalen på Strynefjellet (fylkesgrensa).
  • VY170 Førde - Sogndal - Lærdal – Oslo: Gjeld på alle strekningar mellom Førde og Hemsedalsfjell fylkesgrensa.
  • VY450 Sogndal - Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar mellom Sogndal og Bergen.
  • VY430 Fjordekspressen Bergen-Ålesund: Gjeld på alle* strekningar mellom Bergen og Holmøyvik (fylkesgrensa). *Obs: Ungdomsbilletten/kortet kan ikkje brukast på korte, lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. På denne strekninga må reisande bruke Skyss sine bussar.

Merk: På Vy sine avgangar kan du som reiser med ungdomskort reservere plass, sjå Vy.no for meir informasjon.

Nor-Way ekspressruter: 

  • NW180 Haukeliekspressen: Gjeld mellom Odda – Røldal - Etne 
  • NW420 Sogndal – Lærdal – Flåm – Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar Sogndal og Bergen.
  • NW162 Øst-Vestekspressen: Lillehammer – Fagernes – Lærdal – Flåm – Voss – Bergen: Gjeld på alle strekningar mellom Bergen og Filefjell fylkesgrensa.
  • NW400 Kystbussen: Bergen – Haugesund - Stavanger: Gjeld på alle strekningar mellom Bergen og Haugesund rutebilstasjon.
  • NW431 Fjordekspressen: Bergen - Førde - Stryn (- Trondheim): Gjeld på alle strekningar mellom Bergen og Grasdalen på Strynefjellet (fylkesgrensa). Obs: Ungdomsbilletten/kortet kan ikkje brukast på korte, lokale reiser mellom Bergen og Knarvik. På denne strekninga må reisande bruke Skyss sine bussar.

Merk: På Nor-Way si rute NW431 Fjordekspressen kan du som reiser med ungdomskort reserve plass, sjå Nor-Way.no for meir informasjon.

NB: Ungdomskortet har ikkje plassgaranti på ekspressbussane. 

Tog:

  • Avgangar mellom Bergen og Vieren (Vossebanen) (Obs: Ungdomskortet kan ikkje nyttast på regiontog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo).

Pant og refusjon

Når du kjøper Kringom sitt ungdomskort for første gong, må du betale 100 kroner i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikke panten refundert.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det 100 kroner i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake for dei dagane kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk