Ungdomskort , ung gut viser det fram

Med ungdomskortet kan du reise så mykje du vil i heile Vestland

Ungdomskort

Ungdomskortet er eit tilbod for deg mellom 16 til og med 20 år.

Ungdomskortet kostar 370 kroner. 

Ungdomskortet gjeld for eit uavgrensa tal reiser i 30 dagar frå kjøpsdato, og gjeld i heile Vestland fylke. 

Alle mellom 16 til og med 20 år kan bruke Kringom sitt ungdomskort. Dersom du tek til i vidaregåande opplæring i august, men fyller 16 år seinare på året, kan du likevel kjøpe ungdomskort frå skulestart.

Kjøp og fornying av ungdomskortet

Kringom sitt ungdomskort får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille kortet elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor.

Ungdomskortet er personleg, så hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille kortet.

Du kan fornye ungdomskortet på Kringom sine bussar*, på lokalbåtane, ekspressbåtane eller på kontora til ruteselskapa. Hugs at du må vise gyldig legitimasjon når du skal fylle på kortet.

* Legg merke til at du ikkje kan fornye Kringom ungdomskort på Vy og Nor-Way sine ekspressbussar.

Du kan også bruke Skyss Billett-appen til å kjøpe ungdomsbillett som gjeld i heile Vestland.

Ta vare på kvitteringa

Ta vare på kvitteringa når du kjøper ein ny periode.

Denne må du vise fram når du skal reise med tog, ferje, ekspressbåt og ekspressbuss. Om du mister kvitteringa, kan du be sjåføren på ein Kringom-buss om å få ein kopi av kvitteringa. 

Ungdomskortet gjeld på følgjande transportmiddel:

Ungdomskortet gjeld i heile Vestland på alle bussreiser med Skyss og Kringom. Ungdomskortet/ungdomsbilletten kan også nyttast på:

Vy ekspressbuss: 

  • VY146 Måløy-Stryn - Oslo - til/frå Grasdalen 
  • VY430 Fjordekspressen (Bergen-Ålesund) – til/frå Stigedalshytta 
  • VY170 Førde - Sogndal - Lærdal - Oslo – til/frå Hemsedalsfjell fylkesgrensa 
  • VY450 Sogndal-Voss 

Merk: På Vy sine avgangar kan du som reiser med ungdomskort reservere plass, sjå Vy.no for meir informasjon.

Nor-way ekspressbuss: 

  • NW180 Haukeliekspressen 
  • NW431 Fjordekspressen   
  • NW420 Sogndal-Bergen  
  • NW162 Øst-Vestekspressen 

Båt- og ferjeruter:

Andre ruter:

  • Tog mellom Bergen og Vieren (Vossebanen). Ungdomskortet kan ikkje nyttast på regionstog/fjerntog (tog mellom Bergen og Oslo).  
  • Kolumbus sine bussar (inkludert nattavgangar) i kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

NB:  Ungdomskortet har ikkje plassgaranti på ekspressbussane. 

Pant og refusjon

Når du kjøper Kringom sitt ungdomskort for første gong, må du betale 100 kroner i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikke panten refundert.

Dersom kortet vert sperra ved misbruk, eller eigar av kortet ber om at kortet vert sperra, kostar det 100 kroner i gebyr for å få kortet aktivert. Dersom det førekjem teknisk feil på kort, skal restverdi og pant tilbakebetalast utan å ta administrasjonskostnader.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake for dei dagane kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

 

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk