www.kringom.no

Betaling med periodekort, sjåfør 2

Studentrabatt

Med studentrabatt kan du reise billegare med buss og båt internt i Sogn og Fjordane.

På buss gir Kringom sin studentrabatt 25% rabatt på enkeltbillettar og 40% rabatt på periodekort. På båt får studentar 50% rabatt på enkeltbillettar.

Kven gjeld studentrabatten for?

  1. Elevar i grunn- og vidaregåande skule.
  2. Heiltidsstudent ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet i Norge eller utlandet, frå fylte 19 år til og med månaden ein fyller 30 år.
  3. Vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som er i introduksjonsprogrammet.
  4. Lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4.

Enkeltbillettar kjøper du om bord på bussen eller båten, medan periodekort for buss må bestillast hos ruteselskapa. Les meir om Periodekort Student her.

Du må vise gyldig bevis

Når du skal reise med studentrabatt, må du kunne vise fram gyldig bevis til sjåføren/mannskapet. For å spare tid oppmodar vi alle som skal reise med rabatterte billettar om å vise gyldig bevis uoppfordra.

Gyldig bevis for studentrabatt er:

  1. Gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto.
  2. Studentbevis med gyldig semestermerke og foto.
  3. Elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting på tidspunkt for opplæringa.
  4. Visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

Ver obs på at Vy og Nor-Way har andre rabattvilkår for fylkeskryssande reiser med ekspressbussane inn og ut av fylket.

Del dette:

Relaterte lenker