Korona: Stopp i alt manuelt billettsal – kjøp billett med Vipps

For å avgrense spreiing av koronaviruset har Kringom innført stopp i alt manuelt billettsal på buss og lokalbåt i Sogn og Fjordane. No kan du kjøpe billett med Vipps.

(Sjå oppskrift for billettkjøp i Vipps lenger nede i saka)

Kringom er avhengig av billettinntektene for å oppretthalde kollektivtilbodet. Det er difor viktig at reisande tek ansvar og sørger for å skaffe seg gyldig billett, sjølv om dei vanlege salsmetodane er stoppa. Dette er ein krevjande situasjon som vi må stå i saman.

No kan du betale for reisa di med buss og lokalbåt i Sogn og Fjordane med mobilappen Vipps. Du får betalt for reisa di, men utan at du har fysisk kontakt med bussjåføren eller mannskapet på båten. Ordninga vart innført 18. mars.

Praktisk informasjon:

På bussane våre vert alle framdørene stengde, slik at du må gå inn og ut av bussen gjennom bakdøra. På bussar som berre har dør framme, ber vi om at du viser omsyn og held avstand til sjåføren så godt det let seg gjere.

På lokalbåtane kan du få opplyst frå mannskapet kva du skal betale. Vi oppfordrar alle til å vise omsyn og halde avstand til mannskapet. 

Til deg som har reisekort:

Ungdomskort og periodekort:

  • Dersom du har gyldig periodekort eller ungdomskort, kan du bruke desse som før, men du skal ikkje få sjåføren eller mannskapet til å registrere kortet på billettmaskina.
  • Du kan kjøpe ny periode i Vipps.

Verdikort:

  • Du kan ikkje betale med verdikort i denne perioden.

Desse billettane kan du kjøpe i Vipps:

Billettar Vipps Kringom[1].PNG

Merk: I denne perioden vil du som skal reise med lokale og gjennomgåande bussruter betale same sum uavhengig av kor langt du skal reise.

Slik kjøper du billett med Vipps

  1. Opne Vipps
  2. Trykke på Send
  3. Skrive inn Kringom i søkefeltet. Du får opp Skyss/Kringom Vestland fylkeskommune.
  4. Trykke på Skyss/Kringom for å velje oss
  5. Velje kva billett du skal kjøpe
  6. Velje tal billettar og leggje i handlekorg
  7. Betale 

Slik kjøper du billett_650x366.png

Dersom du skal reise med ekspressbåt eller ekspressbuss gjeld følgjande:

Ekspressbåt:

Sjå Norled.no for informasjon om kva som til ei kvar tid er gjeldande. Kjøp av billett på førehand gjer du her. 

Ekspressbuss:

Både Vy og Nor-Way har ruter som går til/frå og gjennom Sogn og Fjordane.

Sjå Vy.no og Nor-Way.no for informasjon om kva som til ei kvar tid er gjeldande for billettkjøp. Ver merksam på at du også kjøper billett til reiser lokalt i Sogn og Fjordane på førehand på Vy og Nor-Way sine nettisder.

Takk for at du bidreg til å avgrense spreiinga av koronaviruset!

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk