Slik reiser du kollektivt i Vestland

Rutetilbodet og billettsystemet i Vestland er slik du kjenner det frå før fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Bussar, båtar, ferjer og bane er uendra, og køyrer rutene du er kjend med. Billettar kjøper du på same måte som tidlegare, og billettypane vi tilbyr er dei same som før fylkessamanslåinga.

Viss du reiser i Sogn og Fjordane, finn du informasjon om reisa di på kringom.no. Reiser du i Hordaland er det på skyss.no du finn informasjonen du treng. 

Reiseplanleggar 

Du kan gjere reisesøk på kringom.noEntur.no eller i mobilappen Entur. Reiseplanleggaren vil gje deg oppdatert ruteinformasjon. 

Slik brukar du reiseplanleggaren:  

  • Søk etter haldeplass eller adresse i reiseplanleggaren . Legg inn kvar du skal reise frå og til.

  • Trykk på reiseforslaget for detaljert informasjon om reisa.

  • Informasjon om busselskap, trasé og kart finn du under den detaljerte informasjonen.

  • PS: Reiseplanleggaren fungerer ikkje i Internet Explorer.

Ekspressbussar 

Til og frå Sogn og Fjordane, og på lange strekningar gjennom Sogn og Fjordane, kan du som reisande nytte deg av fleire ekspressbussruter. Ekspressbussane er køyrde av Vy og Nor-Way Bussekspress.

Reiser du lokalt i Sogn og Fjordane med ein ekspressbuss, betalar du det same som på lokalbussane. 

I reiseplanleggaren er avgangar køyrde av Kringom-bussar og ekspressbussar markerte slik:

  • Busslinjer som har vanlege nummer er bussar frå Kringom. Desse avgangane er også merkte med: Buss med Kringom over linjenummeret.

Slik kjøper du billett

Du kan ikkje kjøpe billett gjennom reiseplanleggaren til reiser i Sogn og Fjordane. Oppdatert informasjon om korleis du kjøper billett på dei ulike transportmidla finn du her:

 

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk