Slik reiser du kollektivt i Vestland

Rutetilbodet og billettsystemet i Vestland er slik du kjenner det frå før fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Bussar, båtar, ferjer og bane er uendra, og køyrer rutene du er kjend med. Billettar kjøper du på same måte som tidlegare, og billettypane vi tilbyr er dei same som før fylkessamanslåinga. Viss du reiser i området Sogn og Fjordane, finn du informasjon om reisa di på Kringom.no. Ved reiser i Hordaland er det på Skyss.no du finn informasjonen du treng. 

Billettar og prisar

Informasjon om billettar, prisar og rabattar finn du på Kringom.no for Sogn og Fjordane og på Skyss.no for Hordaland. Ungdomskort frå Kringom gjeld som før i området Sogn og Fjordane, og ungdomsbillett frå Skyss gjeld for området Hordaland.

Reiseplanleggar

Du kan gjere reisesøk på Kringom.no og på Skyss.no. Der finn du og informasjon om appar. Informasjon om rutetilbodet i Vestland fylkeskommune blir etter kvart samla i ein felles reiseplanleggar.

Ekspressbussar

Det er to ekspressbusselskap som køyrer i Vestland fylke:

Vy og Nor-Way Bussekspress. Informasjon om tilboda finn du på vy.no og nor-way.no. Bussar som kryssar dei gamle fylkesgrensene, har eigne takstar. Desse er sette av ekspressbuss-selskapa sjølve, akkurat som tidlegare.

Nyttige lenker

Les meir om mobilitetseininga Skyss/Kringom i Vestland

For reiser i området Hordaland gå til  Skyss.no 

For reiser i området Sogn og Fjordene gå til Kringom.no

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk