Betaling med kort

Slik kjøper du billett

Billettar får du kjøpt om bord på alle rutegåande transportmiddel i Sogn og Fjordane. Du kan som hovudregel betale både med kort og kontantar.

Billettkjøp på nett:
Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett på førehand til Kringom sine lokalbussar, lokalbåtar og ferjer i Sogn og Fjordane.

Lokalbåt og ferje:
På lokalbåtane og ferjesambanda kan alle typar kort nyttast som betalingsmiddel, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Lokalbuss:
Om bord i bussane er det som hovudregel mogleg å betale med bankkort, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

MERK: Frå 1. november kan du ikkje lenger betale med kontantar på Vy sine bussar. Dette gjeld også på fylkesinterne reiser i Sogn og Fjordane. Vy har fleire ruter gjennom Sogn og Fjordane og avgangane deira er merkte med VY i reiseplanleggaren på Kringom.no og i Entur-appen . Spørsmål og svar om Vy sin kontantfrie prøvemånad finn du på Nettbuss.no

Ekspressbåt:
Billettar til ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen kan kjøpast på nett. Det er anbefalt å kjøpe billett på førehand. Ved å følgje denne lenka kjem du til Norled sin nettbutikk.

Ekspressbuss (Vy og Nor-Way):
Dersom du skal reise med Vy express eller Nor-Way bussekspress på ei fylkeskryssande reise kan du kjøpe billett om bord i bussen og på nett på førehand. Det er berre med billett kjøpt på førehand at du er garantert plass. Billettar kjøpt på nett gir også best pris.

MERK: Frå 1. november kan du ikkje lenger betale med kontantar på Vy sine bussar.  Spørsmål og svar om Vy sin kontantfrie prøvemånad finn du på Nettbuss.no

Tinging av plass:
Enkeltreisande har plassgaranti, og treng ikkje tinge plass på førehand for bussreiser internt i Sogn og Fjordane. Merk: For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos ruteselskapet. Kontaktinfo til dei ulike ruteselskapa finn du her. 

For fylkeskryssande reiser med Vy eller Nor-Way må du ha kjøpt billett på førehand for å vere garantert plass.

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk