Olai - Skyss sin første sjølvkøyrande buss

Sjølvkøyrande buss i Førde

No kan du reise med ein sjølvkøyrande buss som vi har sett i trafikk i Førde.

Ute av drift: Den sjølvkøyrande bussen i Førde er dessverre mellombels ute av drift. Sjå trafikkmelding for detaljar.

Om bussen

Bussen køyrer ei 2 kilometer lang sløyfe mellom Concord og HVL/Campus Verftet på Ytre Øyrane.

Bussen går måndag til fredag mellom kl. 08 og 17, med om lag tre avgangar i timen i kvar retning. Det er gratis å reise med den. Bussen har sitjeplass til seks passasjerar, og den er lagt til rette for rullestolbrukarar.

På grunn av lading har bussen pause mellom ca. kl. 12 og 13. Bussen si køyretid vert påverka av anna trafikk i området, i tillegg til vêr og køyreforhold. Sidan bussen kan bruke ulik tid mellom dei to haldeplassane, kan vi ikkje sette opp nøyaktige rutetider. For deg som skal reise kan det vere nyttig å ta utgangspunkt i desse avgangstidene:

  • Frå Campus Verftet: Avgangar ca. kvar heile time, ti på halv og ti over halv.
  • Avgang frå Concord: Avgangar ca. ti over heile time, kvar halve time og ti på heile time.

Vi gjer merksam på at faktisk rutetid kan avvike frå desse tidene, og at tidene kan bli endra i løpet av prøveperioden.

Last ned og print ut informasjonsflyer om prosjektet her.

Prøveprosjekt

Dette er eit prøveprosjekt der måla mellom anna er å lære om ny mobilitet og å involvere studentar og lokalt næringsliv. Prosjektet er samfinansiert av samarbeidspartnarane Skyss (prosjektleiar), Sunnfjord kommune, Høgskolen på Vestlandet (HVL), Helse Førde og sponsorane BKK og Enivest.

For at prosjektet skal gi oss mest mogleg innsikt og kunnskap, ønskjer vi at flest mogleg svarar på ei spørjeundersøking. Undersøkinga handlar om prøveprosjektet i Førde og sjølvkøyrande teknologi generelt.

Svar på undersøkinga vår her

Sidan dette er ei prøveprosjekt der vi testar ut teknologi, kan vi ikkje garantere at bussen er i drift i heile opningstida. Dette betyr blant anna at tilbodet er gratis og at reisegarantien ikkje gjeld.

Tryggleik er viktig

Bussen er programmert til å følgje ei gitt rute. Den er utstyrt med ei rekkje sensorar der det vert nytta både radar- og laserteknologi. Heile området rundt bussen blir kontinuerleg skanna. Dersom ein gåande, syklist, køyretøy eller andre objekt kjem for nært, vil bussen stoppe. Den sjølvkøyrande bussen vil ha lav fart, maks 16 km/t til å begynne med. Farten kan aukast etter kvart. I andre pilotprosjekt i Noreg er toppfarten 25 km/t.

Bussen har ein vert om bord, som kan overstyre bussen i situasjonar som bussen ikkje sjølv kan handtere. Verten kan også hjelpe og informere passasjerar.

Vy har kontrakten for busskøyringa. Bussen skal i første omgang køyre i Førde i fire månader. Etter piloten vil Skyss vurdere vidare bruk av sjølvkøyrande buss i rutetilbodet.

Fleire pilotar i Norge

Sjølvkøyrande teknologi er i stadig utvikling. Fleire aktørar har sett i verk testing og bruk av autonome køyretøy fleire stader i Norge, mellom anna i Stavanger, Oslo, Kongsberg, Drammen, Bærum, Trondheim og Herøya. Poenget med prosjekta er ikkje berre å teste sjølvkøyrande bussar på vegen, men også korleis ein kan få til god prosjektorganisering med fleire partar, gode forretningsmodellar, og å finne ut korleis ein kan utvikle nytteverdien for brukarar med ulike behov og i ulike geografiske samanhengar. 

Bussen heiter Olai

Den sjølvkøyrande bussen fekk namnet Olai etter ein namnekonkurranse. Bussen er kalla opp etter Førde sin første bussjåfør, Olai J. Farsund. Olai vart tilsett i Fjordenes Automobilselskap i 1913, ein av forløparane til dagens Firda Billag.

Namnet minner oss om Førde si lange transporthistorie, samstundes som vi heidrar både den første sjåføren i Førde og alle våre andre, dyktige bussjåførar. Sjølv om denne bussen kan køyre av seg sjølv, veit vi at bussjåførar kjem til å spele ei viktig rolle i mange år framover.

Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Sunnfjord Olve Grotle om bord i den sjølvkøyrande bussen Olai.

Bildetekst: Fylkesordførar Jon Askeland og ordførar i Sunnfjord Olve Grotle var dei første som fekk reise med den nye bussen.

Webinar om autonom transport

Vi arrangerte webinar om autonom transport 16. september, i samband med opninga for den sjølvkøyrande bussen i Førde.

Her kan du sjå webinaret i opptak.

Har du spørsmål?

Kontakt Skyss: kunde@skyss.no

 

Spørsmål og svar

Kva er grunnen til at Skyss testar ut ein førarlaus buss i Førde?

Transport med førarlause bussar, tog og bilar er framleis ny og umoden teknologi, men det er blitt testa og også sett i dagleg drift ei rekkje stader, både i Norge og i andre land.

Sjølvkøyrande teknologi er ei naturleg utvikling av digitalisering, og det er naturleg at vi som eit stort kollektivselskap også tek dette i bruk. Vi starta difor dette prøveprosjektet for å lære meir om teknologien og ikkje minst, korleis publikum opplever den.

Korleis fungerer bussen?  

Bussen fungerer som ein vanleg, liten minibuss. Den skal være trygg og sikker, som andre bussar eller bilar.  

I tillegg er den utstyrt med sjølvkøyringsteknologi. Bussen har mange sensorar og kamera som samlar data om alt rundt seg, som vegen, trafikken, vêret osv. Bussen er trena opp for å bli kjent med traseen, slik at den er førebudd til å gå i trafikk med passasjerar.

Kvar går bussen, og kven er det som reiser med han? 

Bussen går på Øyrane i Førde, frå eit utviklingsområde rundt Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin Campus på Verftet og opp til Concord ved riksveg 5. Det er ei ca. to kilometer lang rute. Det finst ikkje busstilbod i dette området i dag. 

Det er mange studentar som ferdast i området. Studentane skal ha mykje av æra for at bussen kjem akkurat her, og dei er ei viktig målgruppe. Elles er alle som ferdast i området, eller som ønskjer å teste ein sjølvkøyrande buss, velkomne til å reise med bussen.  

Nokon synest det er skummelt når det ikkje er ein sjåfør som styrer bussen. Kor trygt er dette? 

Vi opplever dette som svært trygt, men vi forstår at dette er nytt og ukjent for mange. Det er også difor vi gjer dette. Vi må alle byrje å venne oss til at denne nye teknologien vil vere ein del av framtida vår. Det er ein vert om bord i den sjølvkøyrande bussen i Førde. Verten køyrer ikkje bussen, men kan gripe inn dersom noko uventa skulle skje. Verten kan også hjelpe passasjerar og svare på spørsmål. Ruta bussen køyrer, har avgrensa med trafikk. Det er ei kort rute og ein liten minibuss.

Dersom ein bil plutseleg skulle miste kontrollen og køyre mot bussen, korleis reagerer bussen då?

Bussen reagerer på hindringar ved å senke farten eller ved å stoppe. Denne typen teknologi har raskare reaksjonsevne enn eit menneske og vil difor raskare kunne stoppe enn ein menneskeleg sjåfør.  

Erfaringar frå tidlegare tilseier også at bussen stoppar litt for mykje.  Den "ser" hindringar i alt mogleg som vi menneske er vande med og veit at ikkje er farleg. Tidlege generasjonar av denne typen buss hadde problem med snø og regn, eller busker og blad. Vi skal køyre den nyaste generasjonen av denne typen buss, men vi er spente på korleis den vil oppføre seg i trafikken og i dei lokale forholda i Førde.

Sjølvøkyrande bussar har tidlegare vore testa ut i blant anna Kongsberg og Oslo. Korleis har det gått der?

Kongsberg er komne langt og har testa den same bussen som vi testar, sidan 2018. I 2019 vart den sett inn i ordinær rute. I Oslo har dei hatt ei rekkje pilotar, og dei var tidleg ute med å teste. Dei har lært mykje og gjort mange erfaringar som blant anna har bidrege til å utvikle teknologien.

Det regnar mykje på Vestlandet, korleis påverkar det sensorane?

Korleis dette vil påverke bussen vår, blir spennande å sjå. Den teknologien vi brukar, er testa i norsk haust og vinter, og fungerer bra. Men det er framleis eit moment det er knytt uvisse til. Dette vil vi kunne svare betre på i desember, når vi har fått køyrt bussen ei stund.

Planlegg de å innføre dette i fleire byar, og i tilfelle kva byar?

Autonome eller sjølvkøyrande bussar vil heilt sikkert komme fleire stader, men kvar neste stad blir, er framleis usikkert. Sjølvkøyrande køyretøy er komne for å bli og vi vil sjå fleire av dei framover.

Maskinene og teknologien handterer no fleire av arbeidsoppgåvene våre. Korleis blir det med arbeidsplassane til sjåførane som tidlegare har jobba på bussane?

Hovudoppgåva for sjølvkøyrande busser vil i overskodeleg framtid være å utfylle, ikkje erstatte, eksisterande rutetilbod. Det vil difor vere behov for flinke sjåførar i lang tid framover. Faktisk er det stor mangel på bussjåførar i Norge i dag, og våre flinke sjåførar har ingen grunn til å frykte for arbeidsplassane sine. Når det er sagt, har maskiner og teknologi endra på mange arbeidsoppgåver opp gjennom tidene og vil nok halde fram med det. Samtidig oppstår nye oppgåver og behov for ny kompetanse. Dette er noko som skjer gradvis, og det er god grunn til å tru at vi vil ha tid til å omstille oss.

 

Del dette:

Language Norsk - Norwegian