Sjølvkøyrande buss i Førde

Rute: Bussen går mellom Concord ved riksveg 5 på Øyrane og HVL sitt Campus Verftet på Ytre Øyrane.

Rutetider: Bussen køyrer måndag til fredag mellom kl. 08 og 17, med om lag tre avgangar i timen i kvar retning.

På grunn av lading har bussen pause mellom ca. kl. 12 og 13. Bussen si køyretid vert påverka av anna trafikk i området, i tillegg til vêr og køyreforhold. Sidan bussen kan bruke ulik tid mellom dei to haldeplassane, kan vi ikkje sette opp nøyaktige rutetider. For deg som skal reise kan det vere nyttig å ta utgangspunkt i desse avgangstidene:

  • Frå Campus Verftet: Avgangar ca. kvar heile time, ti på halv og ti over halv.
  • Avgang frå Concord: Avgangar ca. ti over heile time, kvar halve time og ti på heile time.

Vi gjer merksam på at faktisk rutetid kan avvike frå desse tidene, og at tidene kan bli endra i løpet av prøveperioden.

Pris: Det er gratis å reise med den sjølvkøyrande bussen.

Les meir om den sjølvkøyrande bussen i Førde her.

Concord - Campus Verftet.PNG

 

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk