Serviceskyss-rutene er starta opp att

Som før er rutene opne for alle, men på grunn av koronasituasjonen gjer vi nokre tilpassingar for å legge til rette for at sjåførane og dei reisande i minst mogleg grad vert eksponerte for smitterisiko.

Inntil vidare kjem vi til å ha følgjande retningslinjer: 

  • Vi oppfordrar deg som skal reise til å halde avstand til sjåføren og andre reisande, til dømes ved å sitte bak i drosja, eller eit stykke bak i minibussen.
  • Ta omsyn og ha god og forsvarleg hand,- hoste- og nysehygiene.
  • Dersom du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjonar må du ikkje reise med oss.
  • Bestilling av tur skjer som vanleg, på telefon seinast dagen før. Du finn informasjon om kvar du skal ringe for å tinge under rutene som gjeld i den enkelte kommune.
  • For å ta omsyn til råda om å halde 1 meters avstand, kan det på nokre ruter bli behov for å køyre fleire turar. Tidspunkt for ruta kan då bli noko endra. Du vil få beskjed om kva tid du blir henta.
  • Av omsyn til smittevern kan sjåførane ikkje hjelpe deg som reiser med å komme deg inn og ut av minibuss/drosje, eller til å ta av og på setebelte. Sjåføren vil likevel hjelpe deg med å ta varer inn og ut av minibuss/drosje og inn til huset ditt, dersom du har behov for det.
  • Betaling for reisa skjer i Vipps, der du vel billetten Serviceskyss, enten ein veg eller tur/retur. Har du ikkje Vipps er sjåførane oppfordra til å finne løysingar for å ordne betaling. Dette kan avtalast ved bestilling. Les meir om Vipps-betaling her.
  • Tidspunktet for retur på rutene kan verte tidlegare enn det som er oppsett. Dette vil du som skal reise kunne avklare direkte med sjåføren på turen til sentrum/butikk.

Du finn oversikt over rutene og informasjon om tinging i kommunen din her.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk