www.kringom.no

Reiseplanleggar

Med reiseplanleggaren kan du planlegge reisa di, og få den enklaste måten å reise på.

Du kan gjere reisesøk i reiseplanleggaren på framsida av kringom.no, direkte på Entur.no eller i mobilappen Entur. Reiseplanleggaren vil gje deg oppdatert ruteinformasjon. 

Slik brukar du reiseplanleggaren:  

  • Søk etter haldeplass eller adresse i reiseplanleggaren . Legg inn kvar du skal reise frå og til.

  • Trykk på reiseforslaget for detaljert informasjon om reisa.

  • Informasjon om busselskap, trasé og kart finn du under den detaljerte informasjonen.

OBS: Reiseplanleggaren fungerer ikkje i nettlesaren Internet Explorer.

Du finn meir informasjon om reiseplanleggaren på Entur.no

Billettar

Du kan ikkje kjøpe billett gjennom reiseplanleggaren for reiser i Sogn og Fjordane. Oppdatert informasjon om korleis du kjøper billett på dei ulike transportmidla finn du her:

Ekspressbussar 

Til og frå Sogn og Fjordane, og på lange strekningar gjennom Sogn og Fjordane, kan du som reisande nytte deg av fleire ekspressbussruter. Ekspressbussane er køyrde av Vy og Nor-Way Bussekspress.

I reiseplanleggaren er avgangar køyrde av Kringom-bussar og ekspressbussar markerte slik:

  • Kringom sine busslinjer har eit tresifra tal, utan bokstavar framfor. Dette gjeld lokalbussar, gjennomgåande bussar og bybuss. Alle Kringom sine avgangar er også merkte med: Buss med Kringom over linjenummeret.

  • Flybussane Kringom har i Førde og Sogndal er markerte med FB og eit nummer.

Del dette: