Photoevent

Periodekort Student

Periodekort Student er det same som eit vanleg periodekort på buss, berre billigare.

Du kan kjøpe periodekort student dersom du er: 

  • elevar i grunn- og vidaregåande skule,
  • heiltidsstudentar ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet i Norge eller utlandet, frå fylte 19 år til og med månaden ein fyller 30 år.
  • vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som er i introduksjonsprogrammet, og
  • lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4.

Periodekort for student er personleg og gjeld for ei bestemt strekning med buss i Sogn og Fjordane, i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser.

Bruk av periodekort på Vy og Nor-Way sine ekspressbussar

Dersom du skal bruke Kringom sitt periodekort på reiser med Vy eller Nor-Way sine ekspressbussar i Sogn og Fjordane, må du vise fram gyldig kvittering. 

Ta difor vare på kvitteringa du får når du fyller på kortet. Om du mister kvitteringa, kan du be sjåføren på ein Kringom-buss om å få ein kopi av kvitteringa.

Kjøp og fornying av periodekort

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille dei elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille periodekort. 

Du kan fornye periodekortet på bussen*, eller på kontoret til ruteselskapet. Kvar gong du skal fylle på kortet må du vise legitimasjon og gyldig reisebevis, t.d. studentbevis. Oversikt over kva som vert rekna som gyldig reisebevis finn du i vilkåra våre under punkt 4.

* Du kan ikkje fornye perioden på Vy eller Nor-way sine ekspressbussar. 

Pant og refusjon

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk