Photoevent

Periodekort

Passar for deg som reiser mykje på ei fast strekning med buss eller passasjerbåt. 

Reiser du den same strekninga fram og tilbake kvar virkedag i ein månad (20 dagar), vil eit periodekort gi deg over 50% rabatt.

(Merk: Reisande med buss i kombinasjon med passasjerbåt i Florabassenget kan kjøpe Periodekort Kombi).

Periodekortet er personleg og gjeld for ein vaksen eller eit barn på ei bestemt strekning i 30 dagar frå kjøpsdato, med uavgrensa tal reiser. Periodekort for barn gjeld berre for privatkundar.

Kortet får du kjøpt ved å ta kontakt med ruteselskapa, eller bestille det elektronisk ved å følgje lenkene nedanfor. Hugs å legge ved bilde av deg sjølv når du skal bestille periodekort. 

Du kan fornye periodekortet på bussen/båten (ikkje på Vy sine bussar) eller på kontoret til ruteselskapet. Kvar gong du skal fylle på kortet må du vise legitimasjon.

Når du kjøper periodekort for første gong, må du betale 100 kr. i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Ved sjukdom slik at kortet ikkje kan nyttast, betaler selskapa tilbake 1⁄30 av månadsprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, men ikkje for færre enn 10 dagar. Tilbakebetalinga gjeld 30 dagar frå kjøpsdato.

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk