Photoevent

Trygt Heim for ein 50-lapp

Treng du skyss heim natt til søndag?

«Trygt heim for ein 50-lapp» er eit tilbod som er ope for alle, men det er spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. Målet med «Trygt heim for ein 50-lapp» er å få ungdommane trygt heim på kveld og natt. Tilbodet er oppretta i kommunane Flora, Førde, Eid, Gloppen, Sogndal og Stryn.

«Trygt heim for ein 50-lapp» går kvar natt til søndag heile året. I tillegg går rutene natt til 1. mai,  natt til 17. mai og natt til 3. juledag frå dei ulike tettstadane i fylket. Rutene er lagt opp til å vere både faste ruter og bestillingsruter.

Reisande under 30 år betalar kr. 50,- medan dei over 30 betalar kr. 100. Reisande under 30 år har plassgaranti. 

Ved å klikke deg inn på lenkene under finn du rutene som går ut frå dei ulike tettstadane:

Dersom ruta di ikkje står i menyen under næraste kommune, betyr det at tilbodet ikkje går til heimstaden din.

Ved spesielle arrangement, som t.d. russetreff, kan det søkjast om tilskot gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune. Ta då kontakt med samferdsleavdelinga på kringom@sfj.no for opplysningar.

Del dette:

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk