Photoevent

Trygt Heim for ein 50-lapp

Treng du skyss heim natt til søndag?

Målet med «Trygt heim for ein 50-lapp» er å få ungdommane trygt heim på kveld og natt. «Trygt heim for ein 50-lapp» er eit tilbod som er ope for alle, men det er spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. I Sogn og Fjordane i Vestland er tilbodet oppretta i Flora, Førde, Eid, Gloppen, Sogndal og Stryn.

«Trygt heim for ein 50-lapp» går kvar natt til søndag heile året. I tillegg går rutene natt til 1. mai,  natt til 17. mai og natt til 3. juledag. Rutene er lagt opp til å vere både faste ruter og bestillingsruter.

Reisande under 30 år betalar kr. 50,- medan dei over 30 betalar kr. 100. Reisande under 30 år har plassgaranti. 

Ved å klikke deg inn på lenkene under finn du rutene som går ut frå dei ulike tettstadane:

Dersom ruta di ikkje står i menyen under næraste tettstad, betyr det at tilbodet ikkje går til heimstaden din.

 

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk