Espen Nyttingnes

Serviceskyss

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle, og skal vere tilrettelagd for alle. Ordninga var tidlegare kjent under namnet seniorskyss.

Kommunane organiserer sjølve serviceskyss, og kunngjer rutene i sitt område. Skyssen er organisert i faste ruter, ofte inn til kommunesenteret eller andre mindre sentra.

Brukarane bestiller skyss dagen før, innan eit fastsett tidspunkt. Brukarane vert henta heime og vert køyrde frå dør til dør.

Brukarane betalar ein eigendel på 30 kroner kvar veg.

Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretøya som vert nytta er difor universelt utforma.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk