Photoevent

Søk om støtte til transport

Lokaltransport for ungdom

LTU er eit tilbod som kommunane, i samarbeid med lokal ungdom, søkjer på.

Lokaltransport for ungdom (LTU) gjer det mogleg for ungdom å reise kollektivt til og frå fritidsaktivtetar, også når det ikkje går ordinære ruter.

I eit fylke med store avstandar, der ungdomane bur spreidd og ofte langt frå fritidstilboda, er det umogleg å ha eit ordinært rutetilbod som passar alle. Mange unge opplever at det spesielt er på ettermiddag og kveld at kollektivtilbodet er avgrensa.

Det er sett av 1. million kroner til LTU i 2019. Dette er midlar som skal nyttast til å betre reisetilbodet for ungdom mellom 13 og 19 år som treng skyss til og frå aktivitetar på ettermiddag og kveld. 

Kvart år blir kommunane og ungdomsråda inviterte til å utforme eit skyssopplegg, og søkje om prosjektmidlar. Søknadsfristen for 2019 var 29. mars.

LTU-midlane blir mellom anna brukte til transport til og frå skisenter, ungdomsklubbar, kino, skuleball, diskotek og konsertar. Lokalt tilpassa skyss for ungdom er praktisk for ungdomane, samtidig som den skapar trivsel fordi den gjer det mogleg for ungdomane å gjere noko sosialt saman.

Vil du vite meir om kva midlane blir brukte til der du bur? Ta kontakt med kommunen din.

Hausten 2017 vart Sogn og Fjordane tildelt Kollektivprisen for tilbodet Lokaltransport for ungdom. Les meir her.

For detaljar om kva tiltak det blir gitt støtte til, søknad og gjennomføring, sjå invitasjon her.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk