Om Kringom

Då Sogn og Fjordane og Hordaland vart til Vestland fylke 1. januar 2020, vart Kringom slått saman med Skyss til ei ny, felles mobilitetseining. Mobilitetseininga har ansvar for buss, bybane, båt og ferje i heile Vestland. Fylkestinget har vedtatt at eininga skal heite Skyss.

Dei to fylka har hatt mange ulike system for administrasjonen av kollektivtrafikken, som vi framleis arbeider med å samordne.

Det endelege målet er felles løysingar for kundane i heile Vestland. Inntil vidare finn du framleis all reiseinformasjon for Sogn og Fjordane her på kringom.no.

Bakgrunnsinformasjon om organisasjonen Skyss finn du samla her.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk