Om Kringom

...under fjell og brear....jpg

Vi ynskjer deg ei god reise Kringom i Sogn og Fjordane!

Kringom betyr att og fram, hit og dit, rundt eller omkring.
Og det er slik vi ferdast her hos oss - under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar, inn i skoddeheimar og ut mot havet.

Frå 1.1.2020 er Kringom namnet på kollektivtilbodet i Sogn og Fjordane drifta av mobilitetseininga i Vestland fylkeskommune. Det gjeld både båt-, ferje-, og bussruter, rundt omkring i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Her på www.kringom.no finn du reiseplanleggar og informasjon om rutetider, billettar, prisar, rabattar og skysskort. 

Om mobilitetseininga i Vestland

Frå 1.1. 2020 er fylka Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland. Det er Vestland fylkeskommune som har ansvar for kollektivtrafikken i fylket.

Mobilitetseininga skal sikre at vedtekne strategiar og tiltak blir sette i verk for å nå dei politiske måla. Skyss har ansvar for tilbodet i området Hordaland, medan Kringom har ansvaret i Sogn og Fjordane. Prisane, sonene, betalingsløysingane og rutetilbodet vert uendra.

Mobilitetseininga skal bidra til å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet og tilby tenester for kombinert mobilitet i Vestland.

Kva skjer framover?

I 2020 skal vi arbeide med integrerte og felles løysingar for kundane i heile det nye fylket. Til dømes blir det jobba med felles nettside, utvikling og harmonisering av kjøpskanalar og reiseplanleggar. Det vil også bli arbeidd med samordning og utvikling av det samla rutetilbodet og prisstrukturen i Vestland.

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk