Nye ferjeprisar frå 1. oktober

Ferjeprisane på fylkesvegferjene i Vestland går noko opp frå 1. oktober.

Årsaka er at meirverdi-satsen no blir sett tilbake til 12 prosent. Meirverdi-satsen vart redusert til 6 prosent i april 2020, som eit ledd i den statlege krisepakka for korona. I tråd med gjenopninga av samfunnet etter pandemien blir tiltaket avvikla.

Prisane for fylkesvegferjene vil no tilsvare Statens vegvesen sitt takstregulativ for riksvegferjene.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk