Photoevent

Ny vekependlarrute mellom Lærdal og Flåm

Etter haustferien set vi opp to nye avgangar som vil fungere som vekependlarrute til og frå Flåm.

Avgangane vil gå søndagar og fredagar i skuleåret og startar søndag 13. oktober og fredag 18. oktober.

Dei nye avgangane har samband til og frå andre delar av fylket.

Ny avgang søndagar i skuleåret:

  • Frå Flåm stasjon kl. 18.30 med ankomst Lærdal rådhus kl. 19.15. Her er det samband med buss til Sogndal, Skei, Førde, Sandane og Stryn-Trondheim.

Ny avgang fredagar i skuleåret:

  • Frå Lærdal rådhus kl. 18.05 med ankomst Flåm stasjon kl. 18.50. Frå Lærdal korresponderer det med buss frå Førde, Måløy, Nordfjordeid og Sandane.

Rutesøket er oppdatert, medan rutetabellen vert oppdatert innan kort tid.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk