Skulestova på Vassel frå 1886 (Svein Nord).

Vassel

Det vesle, kvitmåla skulehuset på Vassel er ein smålåten, men verdig representant for skulen i bygdesamfunnet – ein kunnskapsinstitusjon og ein folkeopplysar av rang. Mange av dei små grendeskulane er rasjonaliserte bort; Vassel er teken godt vare på, og den 7. desember 1976 vart Lindås skulemuseum opna.

Vassel skule vart bygd i 1886 og var i bruk fram til 1961. Over 100 gjenstandar er samla i dette vesle skulehuset, som gjev eit nærbilete av skulestova og læraren sin sentrale plass som folkeopplysar og oppdragar. Den eldste skulen var ein omgangsskule; undervisninga gjekk føre seg heime i stovene hjå folk. Lindås byrja å byggja eigne skulehus i 1860-70 åra. Den første skulelova kom i 1739, og i 1750 fekk ein såkalla skulefundasar for det einskilde prestegjeld. Desse vart utarbeidde av amtmannen og prosten, etter samråd med lensmannen, futen og fire av dei beste menn i kvar bygd. 

 

Lindås prestegjeld var mellom dei første som fekk utarbeidd ein skulefundas, i 1748. Dette dokumentet gjeld lærarløn.

Husmannsplassen Viki (Svein Nord).

  • Åsgård, A. (1990) Skulesoge for Lindås: I 1739-1889. Lindås, Nordhordaland forlag.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}

Sjå også

Andre stader i kommunen