Vestland er her - kva med Kringom?
Frå 1. januar vart Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til eitt fylke, Vestland.
Kollektivselskapa Skyss og Kringom i dei gamle fylka har og slått seg saman organisatorisk, og er no mobilitetseininga i fylkeskommunen Vestland.
Det er mobilitetseininga i fylket som set i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Vestland.
Inga endring for deg som reiser kollektivt
For deg som kunde vert alt som før ei god stund framover. Skyss og Kringom vil framleis betene områda dei gjer i dag.
Rutetilbodet og billettsystemet i Vestland vil vere slik du kjenner det frå før fylkessamanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.
Bussar, båtar, ferjer og bane er uendra, og køyrer rutene du er kjend med. Billettar kjøper du på same måte som tidlegare, og billettypane vi tilbyr er dei same som før fylkessamanslåinga. Kringom sitt ungdomskort vil framleis gjelde i området Sogn og Fjordane og ikkje i heile Vestland.
Kva skjer framover?
I 2020 skal vi arbeide med integrerte og felles løysingar for kundane i heile det nye fylket. Til dømes blir det jobba med felles nettside, utvikling og harmonisering av kjøpskanalar og reiseplanleggar. Det vil også bli arbeidd med samordning og utvikling av det samla rutetilbodet og prisstrukturen i Vestland.
Ved reiser i Sogn og Fjordane er det her på Kringom.no du finn informasjonen du treng.
Viss du reiser i området Hordaland, finn du informasjon om reisa di på Skyss.no
Nyttige lenker:
- Her finn du nettsida til Vestland fylkeskommune
- Slik reiser du kollektivt i Vestland
- Om mobilitetseininga i Vestland

