Dei avgrensa seg sjølvsagt ikkje til desse to stadane, til liks med andre norske utvandrarar slo vossingane seg ned over heile landet. Me skal her ta ei rask reise vestover gjennom den enorme Midtvesten og sjå på nokre av stadane vossingar busette seg.
Illinois: LaSalle County
Cleng Peerson kom til Chicago i 1833. Han reiste litt rundt i området, og fann godt land i Fox River-dalen i LaSalle County, rundt 100 kilometer sørvest for Chicago. Han fortalde mange om dette, og i dei neste åra slo mange nordmenn seg ned her – mellom anna Gjert Hovland, som skreiv lange brev heim i 1835. Dette vart den fyrste faste norske busetnaden i USA.
Dei fyrste vossingane slo seg ned her alt i 1837. Det året kom mellom anna Lars Eiriksson Lydvo, han som skreiv det eldste kjende amerikabrevet frå ein vossing, til området. I eit brev han skreiv etter eitt år i USA fortel han at han bur i «Advei». Det var ikkje alltid så lett å skriva amerikanske stadnamn – namnet på denne småbyen var (og er) Ottawa. Lydvo budde i området heile livet. Tidleg i 1840-åra flytta han til nabobyen Rutland. I ein kort nekrolog i lokalavisa stod det at han hadde gjort det godt, og at han vart sett høgt av alle som kjende han.
I Leland, ein annan av dei mange tettstadane i LaSalle County, vart den fyrste lokalavisa for Voss gjeven ut. Avisa heitte Wossingen og kom med 24 nummer frå desember 1857 til mars 1860. Det var ikkje noko omfangsrik avis, kvart nummer var på to sider, og dei ti fyrste nummera var like store som eit A4-ark. Resten av nummera var nærmare A3.
Målet med avisa var å vera ein bindelekk mellom vossingar i Noreg og USA, men slik vart det ikkje. Avisa var gitt ut av Nils T. Bakketun, og sjølv om han prøvde hardt, greidde han aldri å få inn nok stoff. Avisa fekk heller ikkje så mange tingarar, slik at økonomien til avisa var heller skral.
Bakketun flytta seinare tilbake til Voss, og frå 1871 gav han ut avisa her. Året etter selde han avisa til Ola Kindem og reiste tilbake til USA. Dei 24 nummera av avisa finst på mikrofilm, men enkeltnummer av avisa er svært sjeldne i dag. Ved Voss folkemuseum ligg 9 av dei 24 nummera som kom ut.
Det finst framleis spor av vossingar i LaSalle County. Theodore Schlanbusch eigde fleire eigedomar på Vangen. Etter at han døydde i 1852 dreiv enkja Larsine gjestgjevarstaden hans vidare, og ho vart etter kvart ei velståande kvinne. Ni av dei ti ungane deira hadde utvandra, og åtte av desse budde i 1860-åra i LaSalle County. Dottera Marta gifta seg i 1860 med danske Charloe Borchsenius. I Sheridan ligg i dag Norway Store, ein butikk som vart grunnlagt av slektningar av Charloe i 1848, og som i dag er driven av etterkomarar av Marta og Charloe.
Iowa: Big Canoe
Ein annan stad der mange vossingar slo seg ned var Big Canoe, heilt nordaust i Iowa. Dei fyrste vossingane som busette seg her var truleg Ole Magneson Sætre og Martha Eriksdotter Selland, den tredje kona hans. Sætre vart ein sentral person i den tidlege fasen her. Han var den fyrste som eigde fleire viktige jordbruksreiskapar her, og det fyrste skulehuset i området vart òg bygd på eigedomen hans.
Martha Selland var den tredje kona til Sætre. Ho var syster til Erik Selland, som kom til Big Canoe i 1852. Han var ein stor og sprek kar, det var sagt at han kunne bøya seg bakover og ta i golvet. Huset hans var vidgjete: Det var bygt av material frå eitt einaste tre.
Ivar Larsson Takle var fødd i USA i 1875. Foreldra, Lars Herbrandson Takla og Anna Iversdotter Hamre utvandra i 1866. Han vart ein god snikkar, og han bygde fleire hus på Big Canoe. Eitt av husa han bygde, Bjørgo-huset, vart seinare flytta til Norsk Utvandrermuseum på Stange.
Minnsota: Fertile
Etter kvart som det kom fleire innvandrarar til USA tok landet i bruk meir og meir av prærien. Den europeiske busetnaden flytta seg vestover i landet. Minnesota fekk status som eigen stat i 1858, og då hadde alt mange innvandrarar slege seg ned der. I fylgje Knut Rene vart Knut Erikson Rokne i 1853 den fyrste vossingen som flytta til Minnesota.
Nordvest i Minnesota ligg byen Fertile. Dei fyrste vossingane som kom hit var Lars A. Bolstad og dei to brorsønene hans, Einar og Knut Nelson. Dei kom til området frå Dodge County, Minnesota, i 1879. Ein tredje bror, Arne Nelson, kom to år seinare. Han hadde arbeidd som lækjar og farmasøyt i Minnesota. I 1882 gjekk han inn i eit samarbeid med Andrew Opheim, og dei dreiv forretning saman i elleve år.
Andrew Opheim byrja etter kvart for seg sjølv. Forretninga gjekk bra, og i 1896 bygde han eit stort to-etasjes murhus som framleis står. I fyrste høgda var butikken, medan han budde i andre høgda. Der var det òg plass til slektningar som kom til byen, og der var òg ein mykje brukt forsamlingssal. Opheim var ugift, og då han døydde i 1915 tok brorsonen Odd Eide over. Han hadde alt jobba mange år for onkelen, og Eide vart med åra ein viktig mann i Fertile, der han mellom anna var ordførar nokre år. Han var òg aktiv i Vosselaget, der han var kasserar frå 1925 til 1930 og formann frå 1931 til 1932. Då han døydde i 1952 skreiv lokalavisa at Fertile var i sorg, og at dei hadde mist ein populær og driftig føregangsmann i det lokale forretningslivet: «Han heldt seg aldri tilbake og let andre gjera det arbeidet som var å gjera, men gav på alle måtar sin fulle stønad til arbeidet var gjort. Hans gode hjartelag var velkjent, og mange var dei som han gav ei hjelpande hand. Ikkje minst i dei tronge åri. Odd Eide er djupt sakna av oss alle».
Nord-Dakota: Voss
Me sluttar denne korte reisa nordaust i Nord-Dakota. Der ligg den vesle staden Voss, langt ute på prærien. Der har aldri vore tett busetnad, men i 1888 skulle det opnast postkontor her. Då trong staden eit namn, og bøndene i området samla seg om namnet Plano. Det namnet vart ikkje godkjent, av di det alt fanst eit postkontor med det namnet.
Dei måtte altså ha eit nytt namnemøte, og her får den utvandra vossingen Anders Herheim ei hovudrolle. Han var fødd i 1858, og vaks opp på bruk 1 på Herheim. Han hadde utvandra i 1876, og han slo seg ned i Nord-Dakota. I USA tok han namnet Andrew P. Herom.
På det andre møtet tok han ordet og sa at landskapet minte han slik om heimstaden hans i Noreg, så han meinte at Voss kunne vera eit godt namn. Dette namnet vart vedteke. Ingen av dei andre kunne vita at Herom bløffa godt: Området er flatt som ei pannekake.