Restauration
Under napoleonskrigane var sjømannen Lars Larsen Geilane frå Stavanger om bord på eit skip som vart teke av engelskmennene. Han vart fengsla i England, og der vart han kjend med Elias Tastad, som seinare grunnla kvekar-rørsla i Noreg. Geilane vart òg medlem.
Kvekarane fann seg ikkje til rette i den norske statskyrkja. Frå engelske kvekarar fekk dei høyra om USA, der det skulle vera større religionsfridom. Kvekarmiljøet i Stavanger fann ut at dei ville vita meir om dette landet, og sende to menn til USA for å undersøkja tilhøva der. Dei to var Cleng Peerson og Knut Eide. Ingen av dei to var medlemmer i kvekar-rørsla.
Dei reiste til USA i 1821 og var der i tre år. Då dei kom attende til Stavanger var dei fulle av lovord, og Geilane gjekk i gang med å førebu utvandring. Saman med nokre andre kjøpte han sluppen Restauration, som tidleg i juli 1825 la ut frå Stavanger. Ved avreisa var dei 52 personar, då dei kom fram var dei 53 – Geilane og kona Martha vart foreldre undervegs. Geilane var den einaste om bord som var medlem i kvekar-rørsla, men mange av dei andre var kjende som sympatisørar.
Cleng Peerson hadde reist i førevegen tidlegare på året, og han møtte Restauration i New York. Dei selde båten og jernlasta dei hadde med, før dei reiste vidare til eit område ved Kendall, nordvest i staten New York. Her slo dei fleste seg ned, i alle fall for nokre år.
Masseutvandring
Den organiserte utvandringa frå Noreg til USA tok altså til i 1825. Det var likevel ikkje slik at Noreg med ein gong vart eit stort utvandringsland. Dei neste ti åra utvandra berre 77 nordmenn. Nær halvparten av desse sigla frå Gøteborg, dei andre reiste frå andre hamnebyar i Europa.
I det store og heile var utvandrarane godt nøgde med livet i eit nytt land. Dei ynskte at fleire nordmenn skulle fylgja etter dei, slik at dei kunne byggja opp eit norsk samfunn i USA. I 1834 og 1835 flytta dei fleste frå Kendall til Fox River i staten Illinois. I 1835 skulle ein av dei, Knut Slogvik, tilbake til Noreg, og han fekk med seg to, kanskje tre, brev skrivne av Gjert Hovland. Eitt av dei vart sendt til Ullensvang, eitt anna vart sendt til Kopervik på Karmøy, og dette var nok medvite: Breva vart sende til ulike stader for at så mange som råd skulle gjera seg kjende med innhaldet. Det vart teke avskrifter av breva, og det førte til ein stor auke i talet på utvandrarar. 223 personar utvandra berre i 1836 – langt fleire enn dei 130 som hadde utvandra i perioden 1825–1835. Det spelar rett nok inn at Slogvik reiste tilbake til USA det året, og at mange fann det trygt å reisa saman med ein som alt hadde vore i USA. Slogvik var ein av 111 nordmenn som reiste med skuta Norden frå Stavanger til New York.
1836 var altså det fyrste store utvandraråret, og det er her masseutvandringa frå Noreg tek til. Det var òg det fyrste året nokon utvandra frå Voss.
Litt statistikk
Dei nesten femten åra var Voss den største utvandringsbygda i landet. Ved utgangen av 1850 hadde rundt 19 000 nordmenn utvandra til USA. Om lag 1500 av desse, eller 8 %, kom frå Voss. Det året budde rundt 0,6 % av alle nordmenn på Voss, slik at det er tydeleg at svært mange utvandra herifrå.
I 1850 utvandra rundt 400 vossingar, eller grovt sett 4 % av alle som budde her. Det vart toppåret i den lokale utvandringa, og resten av 1800-talet fall talet jamt. På landsbasis ser me eit anna mønster. Både lokalt og nasjonalt går tala i bølgjer, men året med flest norske utvandrarar var 1882, då rundt 29 000 utvandra. Dette var rundt 1,5 % av alle nordmenn.
Det er vanskeleg å finna eit heilt nøyaktig tal på kor mange som utvandra frå Voss. Gerhard Naeseth og Blaine Hedberg i USA har kartlagt all norsk utvandring fram til 1850, medan Liv og Johannes Ystaas brukte kyrkjebøker for å laga lister over alle som utvandra frå Voss. Ei jamføring av desse listene viser nær 5800 namn. Det reelle talet må vera høgare, der manglar namn i begge desse listene, og Ystaas-listene går berre fram til 1903. Truleg utvandra minst 7000 vossingar.
Kvifor utvandra dei?
Det er ikkje råd å gje eit eintydig svar på kvifor folk utvandra – det fanst mange grunnar. Ivar Aasen var på Voss våren 1844, og såg at mange førebudde utvandring. Han visste at utvandringa frå Voss var stor, og hadde høyrt at grunnen var at utvandrarane var misnøgde «med sin stilling, ja endog med rigets forfatning i det hele». Sjølv meinte han at dette var sladder, han meinte at «aarsagen til udvandringen er deels den medfødte lyst til reiser og til urolighed, deels og fornemmelig haabet om at komme i besiddelse af store og letvundne eiendomme, et haab som ved adskillige breve fra forhen udvandrede var i høi grad næret og bestyrket».
Førti år seinare, i 1886, utvandra tjue år gamle Eirik Stalheim. Han reflekterte òg rundt grunnane til at folk utvandra då dampbåten Domino la ut frå Bergen. For han var draumen om velstand den viktigaste grunnen: «Det er lett å skjyna at det er då for å gjera si økonomiske stoda betre, so ein kann i framtidi hava von um å verta sjølvhjelpne menneskje.»
Alle desse tre grunnane – misnøye med tilhøva i Noreg, utferdstrong og betring av eigen økonomi – var reelle, og det kan òg finnast fleire grunnar. Men den siste av desse var nok den viktigaste på Voss. Den norske utvandringstoppen i 1880-åra viser ikkje att på Voss, og det kjem nok av at bygda endra seg stort frå det tiåret. Etter at Vossebanen opna i 1883 vart det lettare å driva næring på Voss, og her kom ei rekkje hotell og nokre skular. Vangen vaks, og det vart fleire jobbar å velja mellom for dei som ikkje hadde tilgang til gard og eigen eigedom.
Pionerane frå Voss
Dei fyrste som utvandra frå Voss reiste i 1836. Det året tok Torbjørg og Nils Røthe med seg dei tre borna sine. Dei reiste saman med fire ungkarar til Stavanger. Der fekk dei ikkje plass på noko skip, og dei reiste vidare til Gøteborg. Der fann dei eit skip som skulle til USA. Det var ikkje plass til alle ni, så berre Røthe-familien tok ut det året. Kanskje ungkarane tenkte at småbarnsfamilien burde få fyrsterett. Dei fire reiste i alle fall heimatt til Voss, men minst tre av dei utvandra året etter.
Det er ikkje mykje som er kjent om livet til Torbjørg og Nils Røthe i USA. Dei er nemnde i mange bøker, men det som står der handlar mest om at dei var tidleg ute, og at det ikkje gjekk så bra med dei. Dei kom til Chicago, truleg alt i 1836. Andre vossingar fortalde seinare at dei hadde vitja dei der, men at dei budde i eit dårleg hus. Den siste gongen nokon skal ha møtt dei var i 1843, og ein har gått ut frå at alle fem døydde relativt tidleg. Det stemmer ikkje. I dag er også amerikanske kyrkjebøker digitaliserte, slik at leitinga etter spor er langt lettare. Det bur etterkomarar av Røthe-familien i Minnesota og Georgia, og kanskje òg i andre amerikanske statar.