Reisa var tredelt. Dei skulle fyrst koma seg frå Voss til kysten, deretter skulle dei kryssa Atlanterhavet, før dei skulle ta seg inn i landet frå den amerikanske austkysten. For vossingane som utvandra var det to utreisehamner som galdt. Fram til 1840 reiste dei fleste frå Gøteborg. Berre å koma seg dit kunne ta inntil to veker med båt frå Granvin. Frå 1841 tok Bergen over.
Seglasen over havet var den lengste delen av turen. Fram til midten av 1860-åra gjekk ferda med seglskuter, slik at vêr og vind var med på å prega reisetida. Dei reisande fekk vatn og ved på skipet, men måtte sjølve ha med det dei trong av mat. Dei fekk beskjed om å ta med mat for ti veker. Det var vanlegvis nok, men nokre gonger brukte skipet endå lengre tid.
For dei fleste utvandrarane frå Voss var det fyrste gong dei reiste med eit så stort skip. Arne Anderson Vinje frå Tjukkebygdi utvandra i 1840, saman med kona Martha Gulleiksdotter Kinne og den to år gamle sonen Anders. Han måtte fyrst reisa med båt frå Bergen til Gøteborg. Der måtte dei venta i fire veker, før dei kunne ta ut med båten Emelie. Dei brukte 11 veker over havet, og det var tidvis ein hard tur:
«Da vi var komne midt på havet, fikk vi en svær storm. Den rystede skipet således at stolpene som holdt de øverste sengestedene løsnede og falt ned på dem nedenunder. De skrik og rop som oppstod, forenet med den larmende storm, forårsagede næsten panikk ombord. Jeg selv tok en stor kiste som jeg aktede å kaste overbord og bruke som redningsbøye, ifall skipet skulde gå til bunds.»
Stormen roa seg, og dei kom trygt fram til New York. Martha og Arne busette seg i Wiota, Wisconsin, der dei fekk seks born til.
I 1850 gjekk det ni emigrantskip frå Bergen, med bortimot tusen utvandrar. Dette var året flest vossingar utvandra, i alt reiste rundt 400. På nokre av skipa var det klar overvekt av vossingar. På skipet Bjørgvin var til dømes 89 av 123 passasjerar frå Voss.
Reisa innover i USA
Reisa frå New York til Midtvesten fylgde lenge ei fast rute. Turen gjekk fyrst rett nordover til Albany, deretter reiste dei vestover på Erie-kanalen til Buffalo. Frå Buffalo reiste dei med båt på dei tre innsjøane Erie, Huron og Michigan, heilt fram til Chicago. Dette var ein krevjande del av turen, her var dei i eit land der dei ikkje kunne språket, og for mange var det òg usikkert kva som venta når dei kom fram.
Samstundes var det ei spanande reise, der dei møtte mykje nytt. I 1838 skreiv Lars Eiriksson Lydvo brev til foreldra på Voss og fortalde om reisa året før.
«Siden reiste vi paa en dampbaad til en stad, som kaldes Albany. Der blev alt vort tøi veiet. Siden reiste vi op gjennem kanalen paa en baad, som kjøres med heste til en stad som kaldes Boffello. Siden reiste vi paa en dampbaad over et vand, som var 600 engelske mile til Chicago. Siden reiste vi med vogne, som kjøres af heste, til et lidet land, som kaldes Boverkrik.»
Kor eksotisk må ikkje dette ha vore? Dei reiste med dampbåt. Dei reiste på ein kanal der båtane vert trekte av hestar. Dei reiste over dei tre innsjøane, som Lydvo omtalar som eitt vatn, og den reisa må ha verka endelaus – det var ei reise på meir enn 100 norske mil.
Chicago
Chicago er i dag den tredje største byen i USA. I 1833, tre år før dei fyrste vossingane kom dit, budde det berre 200 personar der. Dei neste tiåra steig dette talet, og Chicago var lenge den byen i verda med størst vekst i folketalet. I 1850 budde der 30 000 personar; i 1890 vart Chicago ein millionby.
Dei vanlege reiseruta for norske innvandrarane gjekk via Chicago. Mange reiste vidare til busetnader ute på prærien, men mange slo seg til i byen. Voss var altså ei av bygdene der utvandringa raskt greip om seg, og det viste igjen i det norskamerikanske miljøet i Chicago. I 1840 var over halvparten av alle norskamerikanarar i byen frå Voss. Mange av desse gjorde det svært godt, og nokre av dei vart uformelle leiarar i det norskamerikanske miljøet. Historikaren Odd Lovoll omtalar dei som Dei var ressurssterke, og dei var ikkje redde for å ta til motmæle der det trongst.
Sjur Haaeim
Eit slikt høve kom heller raskt. I april 1838 sende norskamerikanaren Sjur Haaeim eit brev til biskop Neumann i Bergen. Haaeim var fødd i 1797 og vaks opp på garden Løkreim i Valdres. I 1833 gifta han seg med Ragna Hansdotter Håheim frå Ulvik, og dei budde der fram til dei utvandra i 1836. I brevet til biskopen var Haaeim svært kritisk til det han hadde opplevd i Amerika, og bad biskopen om å «underrette alle mine Medbrødre i Christo, at de aldrig tænker paa at reise hertil; jeg forsikrer, at de vil komme til at angre det». I brevet skildra han i detalj korleis folk budde i dårlege hus, folk var dårleg kledde, det var mykje sjukdom, og utan kyrkjer og prestar levde dei som om «vi skulde være i det største Hedenskab som kunde findes i Verden».
Brevet hans var truleg ein viktig grunn til at utvandringa frå Noreg gjekk den det neste året. I 1839 utvandra 469 nordmenn, året etter utvandra berre 140. På Voss vart talet på utvandrar halvert, frå 54 til 27. Arne Vinje, som me nemnde over, skulle eigentleg reist til USA med ein båt frå Bergen, men på grunn av brevet til Haaeim vart det selt så få billettar til den båten at reisa vart avlyst. 24 av dei 27 som utvandra frå Voss det året reiste frå Gøteborg.
Anders Flage
I USA reagerte mange på det Haaeim hadde skrive. Dei kjende seg ikkje igjen i det. Anders Flage hadde utvandra i 1839 og slege seg ned i Chicago. I november 1840 sende han heim eit brev der han går i rette med Haaeim. Han skriv at han kan ikkje kalla Haaeim ein løgnar, han veit at alle ikkje treivst like godt i USA, men han meinte det var urettvist av Haaeim å berre leggja vekt på det negative. Flage skriv at USA er eit godt land for dei som ikkje er redde for å arbeida.
I det korte utdraget frå brevet til Lars Lydvo såg me setninga «Der blev alt vort tøi veiet». Grunnen til dette var at vekta avgjorde kor mykje dei måtte betala for å få frakta bagasjen vidare. Flage skriv at folk må ikkje ta med seg meir enn dei treng. Det er ikkje noko poeng å ta med «forskjellige slags arbeids-redskaber, saasom smidje-stæder, Skruestær, øxer, navrer, høvler, m.m. Men allerværst er dog, at man har kommet med kvernstene».
Sjur Haaeim reiste tilbake til Noreg i 1841. Året etter fekk han gjeve ut heftet Oplysninger om Forholdene i Nordamerika. Dette vart lese av mange, og frå Hardanger var talet på utvandrarar relativt lågt dei neste åra. På Voss var tala låge i 1841 og 1842, men frå 1843 kjem det fleire år med svært høg utvandring. Brevet til Flage var nok ein viktig grunn til det, men det må òg ha vore viktig at mange andre sende brev heim.
1843 vart det fyrste året då minst 100 vossingar utvandra, og året etter reiste heile 243. Det var om lag 20 % av alle nordmenn som utvandra det året.