Å flytta frå Noreg til USA midt på 1800-talet var eit totalt brot med fortida. Dei som reiste visste at det var små sjansar for at dei nokon gong såg heimlandet igjen, og sjansen var òg liten for at dei såg familie og slekt igjen.
Det var ingen enkle måtar å halda kontakten på, men den enklaste var brev. Dei var lite vane med å skriva brev, og det kosta litt å senda brev, slik at alle var ikkje like ivrige skrivarar. Breva er jamt over svært lite personlege. Der er mange standardformuleringar, og det som måtte finnast av personleg nytt, som fødslar eller giftarmål eller dødsfall, kjem ofte seint i brevet. Ei forklaring på dette var at breva nesten vart ei form for massekommunikasjon. Alle, både avsendar og mottakar, var klare over at breva vart lesne av mange. Talande i så måte er påskrifta på eit brev Torkjel Hustvedt sende til broren Ivar i 1869. Dette brevet gjekk rett nok frå Noreg til USA, men øvst står det «Læs dette Brev for dig selv».
At breva var lite personlege finn me eit godt døme på i eit brev Lars Eiriksson Lydvo sende heim i 1837. Han var gift med Herborg Torkjellsdotter frå Vålo, der dei hadde budd dei siste åra før utvandringa. Dei reiste om Gøteborg, og derfrå sende han heim to brev. I det fyrste av dette, som er det eldste kjende amerikabrevet skrive av ein vossing, skriv han fyrst om korleis reisa har vore. Deretter kjem han med gode råd til dei som eventuelt skulle fylgja etter. Mot slutten av brevet skriv han at han ikkje har noko nytt å melda, «men det hente sig at konen til Knut Vette har født et barn paa veien til Gothenburg, mens vi seilede saa hurtigst og der var ikke alle som viste det før alting var vel, det gik saa stille».
Dette brevet frå Lars Lydvo ligg i samlingane til Voss folkemuseum. Han var ikkje den einaste i familien som utvandra, fem av syskena hans utvandra òg. Fleire av dei skreiv brev heim, og ved museet ligg ni brev skrivne av fire av syskena. Breva er informative, dei er fulle av nyttig informasjon om reisa og tilhøva i det nye landet.
Herborg og Lars utvandra altså i 1837, og året etter sette han seg ned for å skriva eit langt brev heim. Han skriv om sjølve reisa, om kostnader, om kor mykje dei tener, om at han har kjøpt seg jord, osb. Brevet sluttar med ei klar oppmoding om å utvandra: «Der var mange tvivlagtige i Norge, at enhver ikke havde sin frihed; men der er større frihed i Amerika enn i Norge. I Amerika kan man foretage sig hvad man vil – enten man vil for daglønner eller dreng, gjestgiver eller borger, og vandre hvor man vil uden noget pas.»
Også i dette brevet er lite privat og personleg, det kjem mest praktisk informasjon. Det er kanskje ikkje så uventa: Det var alt det nye som var verdt å skriva om.
Brev som dette er altså eit viktig kjeldemateriale. Det er uvanleg med så gamle amerikabrev, men frå Voss finst det svært mange. I ei doktoravhandling frå 2018 skriv historikaren Henrik O. Mathiesen at over halvparten av alle kjende amerikabrev frå før 1850 er skrivne av utvandra vossingar. Det høge talet på utvandrarar frå Voss spelte sjølvsagt inn her, men den viktigaste grunnen er arbeidet til Lars Nilsson Nesheim (1792–1880).
Lars Nilsson Nesheim
Vossingen, eit tidsskrift utgjeve av det amerikanske Vosselaget, trykte i 1924 ein artikkel om Lars Nesheim. Den var skriven av Ivar Hustvedt, som skriv at Nesheim «var i mange henseender, hvad man maa kalle en original».
Han vaks opp på Nesheim i Reppen. Då systera Sigvor gifta seg med Eirik Ivarson Lemme i 1835, flytta òg Lars til Lemme, og der budde han resten av livet. Han var ein mann med sterke litterære interesser, og det vart sagt at han hadde fleire bøker enn presten. Hustvedt besøkte Nesheim på Lemme i 1864: «Han havde et værelse eller kammer for sig selv, stort nok til at rumme seng, ovn, et lidet bord og et par stole. Rundt væggene havde han sine boghylder, der rak fra gulvet op under taget og optog to af rummets sidevægge og var vel pakkede med bøger».
Dette var bøker om mange tema, som religion, historie eller ulike vitskapar, men det var tydeleg at Nesheim var spesielt glad i bøker om viser og songar. Han hadde fleire trykte songbøker, men han skreiv òg av viser frå bøker han ikkje hadde. Etter at utvandringa til USA tok til fekk han ei ny interesse, og han skal ha gått rundt i bygda for å finna amerikabrev han kunne skriva av.
Kor stor boksamlinga var, og nøyaktig kva bøker Nesheim hadde, er ikkje råd å finna ut i dag. Hustvedt skriv at då Nesheim «blev gammel fik han den uheldige ide at han vilde holde auktion paa sine bøger og saaledes selge dem, hvilket desværre ogsaa blev gjort». Me veit difor ikkje heilt sikkert kor mange amerikabrev han skreiv av, men i dag er sju slike bøker kjende.
På auksjonen vart truleg ei av bøkene kjøpt av nokon frå Tverrberg. Svein Tverberg hadde utvandra i 1903, og fire år seinare vitja han heimlandet. Far hans eigde då ei av bøkene med avskrifter av amerikabrev, og Svein fekk lov til å ta boka med seg attende til USA. Det tok lang tid før denne boka vart kjent. Svein Tverberg var i fleire år misjonær på Madagaskar, før han kom tilbake til Minnesota mot slutten av 1920-åra. Han viste fram boka til Sophie Bøe, av di der var avskrifter av to brev frå bestefar hennar. Ho skjøna at dette var reint gull, og fekk Tverberg til å gje boka til NAHA, Det norskamerikanske historielaget. Denne boka ligg framleis i arkivet deira ved St. Olaf College i Northfield, Minnesota. Dei delte breva med den norskamerikanske avisa Skandinaven. Frå oktober 1931 trykte dei breva, og kalla brevsamlinga «den mærkeligste Samling af gamle Amerikabreve som hidtil har set lyset her eller i Norge». NAHA fekk seinare inn ei bok til.
Lars Nesheim fylte minst sju bøker med avskrifter av amerikabrev. Det ligg seks bøker ved museum og arkiv på Voss, i Northfield og i Chicago. I 1936 trykte Skandinaven dei 27 breva frå ei sjuande bok. Denne var då eigd av Ida S. Ekse, men kvar denne boka er i dag er ukjent. I alt inneheld desse bøkene over 200 amerikabrev, som alle er skrivne før 1850. I desse bøkene finn me avskrifter av brev frå til dømes nemnde Lars Eiriksson Lydvo, frå predikanten Elling Eielsen eller Nils Gilderhus, den fyrste som tok seg land på Koshkonong.