Photoevent

Lærlingar får studentrabatt på buss og båt

Frå 1. juli 2019 får også lærlingar og lærekandidatar studentrabatt når dei skal reise med buss og båt i Sogn og Fjordane.

På buss gir studentrabatten 25% rabatt på enkeltreiser og 40% rabatt på periodekort, medan det på båt blir gitt 50% studentrabatt på enkeltreiser.

Det var under fylkestingsmøtet 24. april at fylkestinget vedtok å inkludere lærlingane i studentrabatten, noko elev- og lærlingombodet i fylket har ivra for i fleire år.

- Dette var eit godt og etterlengta vedtak for alle lærlingane, sa elev- og lærlingombod Venke Nordeide då vedtaket vart kjent tidlegare i vår.

Samferdsleavdelinga i fylkeskommunen har bestemt at også lærekandidatar vert inkludert i ordninga.

Vis bevis

Ønskjer du å reise med studentrabatt, må du vise fram gyldig reisebevis. Dette gjeld både når du skal kjøpe enkeltbillett på buss og båt, og når du skal fylle på periodekortet for buss.

For lærlingar og lærekandidatar gjeld følgjande som gyldig bevis: Visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.

Vi oppmodar til å ha beviset klart når du skal betale, så sparar du tid for både deg og dei andre som reiser kollektivt.

Du kan lese meir om Periodekort Student for buss her. Du finn også skjema for bestilling av kortet same stad.

Desse får rabatt

Frå 1. juli 2019 vil dermed følgjande grupper få elev-/studentrabatt i Sogn og Fjordane:

  • Elevar i grunn- og vidaregåande skule.
  • Heiltidsstudent ved fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet frå fylte 19 år til og med månaden ein fyller 30 år.
  • Lærlingar og lærekandidatar på heiltid som følgjer krava i Lov om opplæring, kap. 4.
  • Vaksne framandspråklege under 30 år som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap i minst ti timar i veka i meir enn tre månader, eller flyktningar under 30 år som er i introduksjonsprogrammet.

Gyldig reisebevis for desse gruppene er:

  • Gyldig elevbevis frå vidaregåande skule med foto.
  • Studentbevis med gyldig semestermerke og foto.
  • Visning av signert lærekontrakt/opplæringskontrakt frå Vigo.no eller fysisk kopi av lærekontrakt/opplæringskontrakt, saman med bankkort med bilde, førarkort eller pass.
  • Elevbevis som viser personidentitet med foto, namn og fødselsdato, namn på kursarrangør, kursstad og stadfesting på tidspunkt for opplæringa.

Fullstendig oversikt over vilkår for reiser med buss og båt i Sogn og Fjordane finn du her.

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk