Korona: Oppmjuking av tiltak på buss, bane, båt og ferje

Helsedirektoratet publiserte 2. juli ein oppdatert nasjonal rettleiar med råd for smittevern i kollektivtransporten.

I rettleiaren  er det innført ein trafikklysmodell for gradering av smitteverntiltak. Det er nasjonale myndigheiter som set tiltaksnivået, og per 30. juni er det nasjonale tiltaksnivået sett til gult. 

Dei nye råda inneber ei oppmjuking som vil gi noko auka kapasitet i kollektivtrafikken. Sperremerkinga på seta vert difor fjerna, med nokre unntak som der seta er vende mot kvarandre og seta rett bak sjåfør. Bussane vil stoppe på alle haldeplassar som i ein normal situasjon. Sperremerkingane blir fjerna fortløpande.

Framleis må dei reisande sjølv ta ansvar for å berre gå om bord dersom ein kan halde avstand til andre. Det er nødvendig å unngå kontakt ansikt til ansikt, ikkje stå inntil seteradene og stå spreidd i dei opne områda. Ved å sitte skulder ved skulder er det mogleg å avgrense ansiktskontakt, som er viktig for å hindre smitte. Bruk av sitteplassar skal derfor prioriterast framfor ståplassar. 

Frå 13. juli vil fremre dør i buss vere opne på alle avgangar.  

Det blir no mogleg å nytte reisekort og betale med bankkort på båt og buss. 

 

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk