Smitteverntiltak for skuleskyssen

Kringom følgjer til ei kvar tid dei nasjonale råda som gjeld smittevern for skoleskyssen.

Bruk av offentleg transport bør avgrensast, men elevar som er avhengige av skoleskyss kan ta buss eller anna transport for å kome seg til og frå skolen. Elevane skal følgje gjeldande nasjonale eller lokale retningslinjer for kollektivtransporten. Elevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande trinn skal i tillegg følgje nasjonale/lokale anbefalingar eller påbod om bruk av munnbind.

Elevane kan sitje saman

Dei reisande kan sitje saman skulder-til-skulder, men bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt på reiser som er under ein time. Der det er mogleg å halde ein meter avstand er dette tilrådd, men sitjeplassar skal prioriterast framfor ståplassar.

Dersom nasjonale eller lokale retningslinjer for kollektivtransport på eit seinare tidspunkt tilrår at berre anna kvart sete blir nytta, kan likevel elevar frå same kohort eller same hushalding sitje saman. For vidaregåande elevar kan berre elevar frå same hushalding sitje saman.

I tillegg vil vi minne om at elevar ikkje skal reise med skoleskyssen ved mistanke om smitte, eller milde sjukdomssymptom.

Kringom har dialog med skoleeigarar 

Kringom har dialog med skoleeigarane om kva smittervernsretningslinjer som gjeld lokalt i kommunane.

Ein må rekne med at det tar noko tid frå det blir gjort vedtak om endringar i smittevernretningslinjer i kollektivtransporten, til naudsynte tiltak er sette i verk for skoleskyssen.

Del dette:

Relaterte lenker

Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk