Korona: Reiseråd i kollektivtrafikken

Vi ber alle reisande om hjelp til å avgrense koronasmitte og følgje råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet når du reiser kollektivt. God hygiene og det å halde god avstand er blant dei viktigaste tiltaka.

  • Det er ditt ansvar å halde god avstand til alle rundt deg, også til førar   
  • Ikkje gå om bord utan at du ser at det er plass til å halde god avstand til andre reisande  
  • Munnbind er tilrådd i område med auka smitterisiko når det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand
  • Unngå kontakt ansikt til ansikt 
  • Bruk sitteplasser før ståplasser  
  • Ikkje stå inntil seteradene og stå spreidd i dei opne områda 
  • Ha god hand- og hostehygiene  
  • Ikkje reis kollektivtt om du er sjuk eller mistenker at du er sjuk  
  • Benytt bakre inngang på bussar om du kan 
  • Respekter restriksjonar knytt til betaling og kjøp av billett.
  • Ta omsyn til medreisande

Smitteverntiltak for skoleskyssen  

Det er eigne nasjonale råd som gjeld smitteverntiltak for skoleskyssen. Desse går fram av rettleiarane for smittevern for skoletrinna. Les meir om kva råd som gjeld her.

Informasjon til reisande med rullestol:

  • Sjåfører vil frå 17. august igjen bistå med innlasting og sikring av rullestolar som normalt. Sjåføren vil sjølv ta omsyn til eige smittevern.
  • Dersom bussen allereie fraktar ein rullestol eller barnevogn, må du venta på neste buss.

Rutetilbodet:

Sjå også:

Som kunde har du rett til transport innanfor den kapasiteten vi har moglegheit til å ha med om bord. Det betyr at reisegarantien ikkje gjeld hvis transportmiddelet du skal reise med ikkje har plass. Hvis du ikkje får nytta periodebilletten din grunna offentlege påbod er det mogleg å søka om refusjon. Les om det her.

Takk for at du tek ansvar for at det ikkje blir for mange om bord, og bidreg til å avgrense spreiinga av koronaviruset.

Meir informasjon finn du på følgjande nettsider:

 

 

Del dette:

Language Norsk - NorwegianLanguage English - Engelsk