Betaling med kort

Slik kjøper du billett

Billettar får du kjøpt om bord på alle rutegåande transportmiddel i Sogn og Fjordane. Du kan betale både med kort og kontantar.

Billettkjøp på nett:
Det er ikkje mogleg å kjøpe billett på nett på førehand til Kringom sine lokalbussar, lokalbåtar og ferjer i Sogn og Fjordane.

Lokalbåt og ferje:
På lokalbåtane og ferjesambanda kan alle typar kort nyttast som betalingsmiddel, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Lokalbuss:
Om bord i bussane er det som hovudregel mogleg å betale med bankkort, både kreditt- og debetkort, i tillegg til kontantar.

Ekspressbåt:
Billettar til ekspressbåtrutene mellom Sogn og Fjordane og Bergen kan kjøpast på nett. Det er anbefalt å kjøpe billett på førehand. Ved å følgje denne lenka kjem du til Norled sin nettbutikk.

Ekspressbuss (Vy og Nor-Way):
Dersom du skal reise med Vy express eller Nor-Way bussekspress på ei fylkeskryssande reise, kan du kjøpe billett på nett på førehand. Med billett kjøpt på førehand er du garantert plass. Billettar kjøpt på nett gir også best pris.

Tinging av plass:
Enkeltreisande har plassgaranti, og treng ikkje tinge plass på førehand for bussreiser internt i Sogn og Fjordane. Merk: For grupper over 9 personar må det tingast plass på førehand hos ruteselskapet. Kontaktinfo til dei ulike ruteselskapa finn du her. 

For fylkeskryssande reiser med Vy eller Nor-Way må du ha kjøpt billett på førehand for å vere garantert plass.

Del dette:

Tips en venn Skriv ut
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk