Fugleskjærskaia i Florø: Endring av haldeplass
Anleggsarbeidet startar opp på Fugleskjærskaia i Florø
8. februar startar arbeidet med å lage ein ny terminal på Fugleskjærskaia i Florø. I tida framover skal fleire bygg rivast, og det blir endringar i gangtrasé og plassering av busshaldeplass og venterom.
- Byggegjerde er allereie satt opp, rundt det vestlege bygget på kaia.
- Dagens venterom vil bli stengt frå og med 12. februar, og det nye venterommet lengre vest på kaia vil bli tatt i bruk frå same dato.
- Busshaldeplass vil frå 15. februar bli flytta frå dagens plassering til å ligge langs fortauet ved starten av kaia (sjå kart nedanfor)
Under finn du eit kart med oversikt over busshaldeplass, venterom og tilrådd gangtrasé.
Trykk her dersom du vil sjå kartet i pdf.

