www.kringom.no

Ferjer

Her finn du informasjon om prisane på ferjesambanda i Sogn og Fjordane.

Alle riksvegsamband og alle fylkeskommunale ferjesamband i Sogn og Fjordane i Vestland følgjer riksregulativet for ferjetakst og AutoPASS-regulativet for ferjetakst. 

Oversikt over kva sone dei ulike ferjesambanda ligg i, finn du i oversikta nedst på sida.

Riksregulativ - gjeldande frå 01.01.2020

Riksregulativet for ferjetakst vert nytta på ferjesamband der det er betaling både for køyretøy og person. For å få rabatt på desse sambanda må du ha AutoPASS-ferjekort.

Full oversikt finn du her: Riksregulativ for ferjetakstar for 2020

Du finn gjeldande prisar for dei ulike sambanda i tabellane under, merk at det er eigen tabell for nullutsleppskøyretøy:

Riksregulativ ferjetakst frå 1.1.2020 NY.JPG

Riksregulativ ferjetakst frå 1.1.2020 for nullutsleppskøyretøy.JPG

Full oversikt finn du her: 

 

Periodekort for personar

For reiser på ferje kan du kjøpe eit tidsavgrensa rabattkort i form av eit periodekort for person. Periodekortet gjelde 30 dagar frå og med aktiveringsdato, og gjeld for eit uavgrensa tal reiser for perioden kortet er gyldig. 

Kortet gjeld for ein bestemt person og for ei bestemt reisestrekning, og skal vere utstyrt med foto av den reisande.

Les meir under punkt 2. i riksregulativet.

Under finn du takstar for periodekort med uavgrensa tal reiser:

Periodekort for person på ferje 2020.JPG

AutoPASS-regulativ - gjeldande frå 01.01.2020

AutoPASS-regulativet for ferjetakst vert nytta på ferjesamband der det berre er betaling for køyretøy. Det er gratis for passasjerar. For å få rabatt på desse sambanda må køyretøyet ha AutoPASS-brikke.

Full oversikt finn du her: AutoPASS-regulativ for ferjetakstar for 2020

I Sogn og Fjordane i Vestland gjeld AutoPASS-regulativet på desse sambanda, takstsone i parantes:

  • Mannheller-Fodnes (4)
  • Dragsvik-Hella (2)
  • Hella-Vangsnes (5)
  • Dragsvik-Vangsnes (6)
  • Anda-Lote (3)

Du finn gjeldande prisar for dei ulike sambanda i tabellane under, merk at det er eigen tabell for nullutsleppskøyretøy:

AutoPASS-regulativ for ferjetakstar.JPG

AutoPASS-regulativ for ferjetakstar NULLUTSLEPPSKØYRETØY.JPG

Full oversikt finn du her: 

Soneplassering for ferjestrekningar i Sogn og Fjordane

Ferjestrekning   Takstsone
Anda - Lote (autopass)   3
Askvoll - Fure   6
Askvoll - Gjervik   3
Askvoll - Værlandet   20
Daløy - Haldorsnes   2
Dragsvik - Hella (Autopass)   2
Dragsvik - Vangsnes (Autopass)   6
Fodnes - Mannheller (Autopass)   4
Frønningen - Kaupanger   14
Fure - Gjervik   8
Fure-Værlandet   20
Hella - Vangsnes (Autopass)   5
Husevågøy - Måløy   5
Husevågøy - Oldeide   5
Isane - Stårheim   4
Krakhella - Losna   6
Krakhella - Rutledal   14
Krakhella - Rysjedalsvika   16
Lavik-Oppedal   6
Losna-Rutledal   9
Losna - Rysjedalsvika   12
Måløy - Oldeide   8
Måren - Nordeide   7
Måren - Vik   30
Måren - Ortnevik   7
Nordeide - Ortnevik   12
Nordeide - Vik   36
Ortnevik - Vik   28
Rutledal - Rysjedalsvika   7

Del dette:

Relaterte lenker